Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Seksjon LAR ved Avdeling for rusmedisin har det medisinskfaglege ansvaret for Legemiddelassistert rehabilitering i Helse Bergen.

I følge Nasjonal fagleg retningslinje for legemiddelassistert rehabilitering (LAR) anbefalast Buprenorfin og Metadon som førsteval av substitusjonslegemiddell i LAR. Ved val av legemiddel og legemiddelform vil det tas omsyn til pasientens erfaringar og det vil gjerast en individuell tilpassing .

Pasientene får delt ut LAR-medikamentet sitt ved ei LAR Poliklinikk eller ved et apotek. I tillegg får nokon utdeling hos fastlege, heimesjukepleie eller i eit fengsel.

Kva er Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)?

LAR er rehabilitering av pasienter som er avhengige av heroin eller andre opioid, og LAR medikament er sentralt i behandlinga. Pasientane blir dosert ei gong dagleg og effektar av medikamentet verkar slik at det fjernar behovet for opiater. Det gjer det mogleg for pasienten å bli rusfri og rehabilitert. 

I følge Tidskriftet Den norske legeforening (2014) viser forsking at behandling av opioidavhengnad i LAR reduserer dødelegheit, sjukelegheit og kriminell aktivitet. Samanfatta internasjonal forsking visar at LAR er den mest effektive behandlingsmetoden for avhengigheit til opioider. 

Ofte samtidig psykisk liding

Mange av pasientane i LAR har hatt det vanskeleg i livet, også før dei begynte å ruse seg. I tillegg har livet i eit rusmiljø påført mange vonde opplevingar. Det er derfor heller regelen enn unntaket at pasientane også har ei psykisk liding, som angst eller depresjon.  

Ofte samtidig kroppsleg liding

Fleire pasientar i LAR har erfaring med å injisere rusmiddel og kan ha pådratt seg kroppslege sjukdommar som hepatitt C. I LAR har vi fokus på samtidig behandling av både ruslidingane, psykiske lidingane og dei kroppslege sjukdommane. 

Ofte utfordringar knytt til bustad og økonomi

I tillegg har pasientane ofte ein vanskeleg bustadsituasjon og nokon har store økonomiske utfordringar. Dei har også gjerne mista sitt rusfrie nettverk. Alle desse faktorane verkar saman. 

Det er då svært viktig å ha ei god samhandling med det kommunale hjelpeapparatet. Dette inkluderer f.eks. sosialtenesta, kommunale bu tilbod og fastlege. Samhandlinga skjer som regel i ansvarsgrupper kor også fastlege deltek. 

Langvarig behandling og oppfølging

Avhengigheit til opioid er ein kronisk sjukdom som krev langvarig oppfølging. Pasientar i LAR vil vere i spesialisthelsetenesta i heile behandlings- og rehabiliteringsforløpet

Overvaka inntak og urinprøver i starten

I oppstart av behandling står kontrollaspektet sentralt. Eit LAR medikament er sterkt avhengigheits skapande og det er viktig å motverka at dei kjem på avvege. Nokon har også erfaring med å injisera illegalt erverva medikament. 

Difor må pasientar som startar i LAR møta opp dagleg for overvakt inntak dei første månadene av behandlinga. Det må også avleggsast urinprøve som bidreg til å sikra ei forsvarleg behandling.

Mindre kontroll ved betra rusmeistring

Dagleg henting  av medikament kan reduserast etter kvart som pasienten viser betra rusmeistring og har skapt avstand til rusmiljøet. Ein kan då få med seg heim nokre dosar av medikamentet. Dette er i tråd med Helsedirektoratets «normaliseringsprinsipp» for LAR.

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-03-20