Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Musikkterapi i rusbehandling

Som pasient ved Avdeling for rusmedisin, er det mogleg å ha musikkterapi som ein del av behandlingsforløpet.

Bilde av to damer. En på trommer og en på gitar.

Musikkterapi er eit relativt nytt fagområde innan rusfeltet i Noreg. I 2016 vart musikkterapi anbefalt i Helsedirektoratets nasjonale retningslinjer for rusbehandling og avrusing.

Forsking på musikkterapi i rusfeltet legg vekt på at musikkterapi kan bidra til:

  • å skape motivasjon
  • sjølvregulering
  • affektregulering
  • å styrke sosiale funksjonar
  • å styrke relasjonelle funksjonar

For meir informasjon: www.rusfeltet.no/musikkterapi
 

Musikkterapi ved Avdeling for rusmedisin

Som pasient ved Avdeling for rusmedisin, har du moglegheit til å ha musikkterapi som ein del av behandlingsforløpet. Musikktilbodet blir tilpassa den enkelte deltakar, med utgangspunkt i interesser, preferansar og personlege behov. Det er mogleg å ha individuelle timar, gruppetimar, eller ein kombinasjon av begge deler. Varigheita på timane/gruppene og behandlingsforløpet kan variere.

Ein viktig tanke bak det å ta i bruk musikk som ein del av rusbehandling, er at det kan gjere tida i behandling enklare. I tillegg kan du bygge opp nye musikalske ferdigheiter, og positive erfaringar som kan bidra til ein meiningsfull kvardag – både i tida under behandling og etter endt behandling.

Musikkaktiviteter

Musikkterapeut og musikkpedagog tilbyr oppfølging individuelt og i gruppe. Ulike musikkrelaterte aktivitetar som kan vere ein del av behandlingsplanen, er:

  • Samspelsgrupper / band
  • Avspenning til levande musikk (individuelt og / eller i gruppe)
  • Musikkproduksjon
  • Spele konsertar
  • Samspel og opplæring på instrument
  • Lytting og samtale om musikk
  • Tekst- og låtskriving
  • Rettleiing til å kome i gang med eigne musikkprosjekt
  • Besøke ettervernstilbod med musikk
  • Finne musikktilbod i heimkommunen


Er du interessert og ønskjer nærare informasjon, kontakt din behandlingsansvarlege.

bilde av gitar

Målsetningar

Musikkterapien siktar mot å bidra til auka rusmeistring og livsmeistring, og å underbygge hovudmåla for rusbehandlinga.

Mål for musikkterapien kan vere:

  • Fylle tomrommet etter rusen
  • Meiningsfull aktivitet
  • Delta i sosialt fellesskap i grupper
  • Å vere til stades her og no
  • Meistringsopplevingar og meistringstru
  • Oppsøke nye nettverk med musikk
  • Uttrykke seg gjennom musikk
  • Motivasjon til behandling
  • Styrking av sjølvbilde og identitet


Dei musikkfaglege i AFR

Kristin Mjånes Myklebust

Musikkterapeut
Seksjon Skuteviken
Tlf: 47705797
kristin.mjanes.myklebust@helse-bergen.no

Kristelle Marie Mendoza Johnsen

Musikkterapeut
Poliklinikken Murhjørnet og
Stifinnertiltaket
Tlf: 95224553
kristelle.marie.mendoza.johnsen@helse-bergen.no

Kristian Nicholas Lindseth

Musikkpedagog
Poliklinikken Murhjørnet, LAR,
Seksjon Askøy, og Seksjon Tertnes
Tlf: 41678033
kristian.nicholas.lindseth@helse-bergen.no 

Steinar Hjelmbrekke

Musikkterapeut
Poliklinikken Kanalvegen
Tlf: 97043238
steinar.hjelmbrekke@helse-bergen.no

Maŋemus ođastuvvon 2022-02-07