Engenhuset
Flytting til nye lokale
Avdeling for rusmedisin (AFR) flyttar fleire av seksjonane sine til nye lokale i Engenhuset i sentrum, Håkonsgaten 1. Dei nye lokala vil huse både avdelinga si forskingseining, kompetansesenteret KoRus Bergen og fleire behandlingseiningar. Alle einingane flyttar inn i løpet av november og desember.
Seksjonar som flyttar: Seksjon forsking, Heroinassistert behandling (HAB), KoRus Bergen (Kompetansesenter rus), Ambulant seksjon, Poliklinikk Kanalveien og Seksjon Skuteviken.
Flyttedatoar:
Rusmedisin seksjon forskning: måndag 18. november
Heroinassistert rehabilitering (HAB): onsdag 20.november
KoRus Bergen: måndag 25. november
Rusmedisin Ambulant seksjon: onsdag 27. november
Rusmedisin Poliklinikk Kanalveien: torsdag 28.og fredag 29. november
Rusmedisin seksjon Skuteviken: måndag 2. desember
Frå og med 2. desember skal alle timeavtalar for pasientar ved alle seksjonane som har flytta, finne stad i dei nye lokala.
Pasientar blir bede om å møta opp i Håkonsgaten 1, der pasientar som skal til døgn melder seg i resepsjonen i første etasje. Pasientar som skal til poliklinikk melder seg i resepsjonen i andre etasje.
HAB har eigen inngang på same side som hovudinngangen (Håkonsgaten), men lengre bort mot Engen (kino, Scandic).
Flyttinga til Engenhuset vil samle fleire av AFR sine tilbod under eitt tak, noko som er forventa å betre samhandlinga og gjere det lettare for pasientar å navigere mellom dei ulike tenestene.
7500 kvadratmeter er ferdig rehabilitert, og alt av infrastruktur i bygget er nytt. Over 9 etasjer skal huset inneholde:
- 24 sengeplasser – fordelt på to poster
- Poliklinikk
- Forskning- og kompetansesenter for rus
- Heroinassistert behandling
For meir informasjon om flytteprosessen eller avtalane dine, kan du kontakte behandlingseininga di direkte.