Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Poliklinisk behandling

Poliklinisk rus- og avhengigheitsbehandling er eit viktig tilbod til våre pasientar. I tillegg til Avdeling for rusmedisin sitt polikliniske tilbod, finst det også polikliniske tilbod ved private rusinstitusjonar.

Poliklinikkane gjev tilbod til ungdom mellom 15-30 år og vaksne med rus og avhegigheitspoblematikk.

Dersom du får rett til behandling, vil den som oftast starta i poliklinikk. Behandlinga vil starta med ei kartlegging av ditt rusproblem og fungering på ulike livsområde, og dessutan eventuelle andre psykiske og fysiske lidingar og ressursar.

Før fyste behandlingstime vil pasient motta eit brev med informasjon om blant anna tidspunkt og oppmøtestad

Den vidare behandlinga vil ta utgangspunkt i din situasjon og kva mål du ønskjer å oppnå. All behandling i TSB er tverrfagleg, det betyr at fleire yrkesgrupper deltek og samarbeider: Lege, psykolog og sosialfagleg personell.

Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtalar, eventuelt par- og familiesamtalar. Det kan også gis tilbod om gruppesamtalar.

Behandlinga vil mellom anna bestå av meistringsteknikkar som tek sikte på å forsterka motivasjonen din for å slutta med rusmiddel eller kontrollera bruken. All rusbehandling omfattar hjelp med å førebyggja tilbakefall og oppfølging av eventuelle sosiale, psykologiske eller medisinske utfordringar.

Individuell behandling innehalder:

  • Utgreiing og diagnostisering av rus- og psykiske lidingar
  • Samtalar med pasienten åleine, eller saman med partnar, familien/føresette eller andre dersom pasienten ønskjer det 
  • Psykologisk, medisinsk og/eller sosialfagleg behandling over lengre eller kortare tid
  • Vurdering av behov for, og tilvising til, supplerande dag/døgn-tiltak innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar 
  • Avrusing i døgneiningar i spesialisthelsetenesta kan inngå som ledd i ei poliklinisk behandling.Den polikliniske behandlaren din har oversikt over slike tilbod.
  • Samarbeid med dag/døgntiltak i TSB eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar mens pasienten er innlagd 
  • Utstrekt samarbeid med ulike kommunale instansar 
  • Deltaking i ansvarsgruppe for pasienten  
  • Hjelp til etablering av Individuell Plan  
  • Råd, rettleiing og informasjon om andre behandlingstilbod, støttegrupper, skule-, arbeids- og aktivitetstilbod  
  • Individuell arbeidsrettet oppfølging via Jobb først
  • Tilbod om samtale med pårørande, anten som del av pasienten sitt behandlingstilbod eller som eige poliklinisk behandlingstilbod for pårørande med Rett til helsehjelp i TSB
  • Informasjon om andre tilbod til pårørande 
  • Rådgiving og rettleiing til andre instansar som arbeider med pasienten, både i kommunen og i andre delar av spesialisthelsetenesta.

Hjelp til deg med rusproblemer - Helsenorge

Før avslutning  vil det vera møte eller samtaler mellom sjukehuset og aktuelle tenester i kommunen.

Etter avslutta poliklinisk behandling sendar behandlingsstaden ein epikrise til pasient og henvisar. Epikrisa oppsummerar innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod,

 

Oppfølging i kommunen

Kommunen skal tilby hjelp til dei som har utfordringar knytt til rusmiddelbruk. Døme på slike tenester er:

  • råd og rettleiing gjennom ruskonsulent og fastlege
  • praktisk hjelp og opplæring
  • hjelp med å gjera spesialisthelsetenester tilgjengelege
  • arbeidsretta tiltak
  • tilbod om mellombels opphald
  • hjelp til å skaffa bustad for vanskelegstilte på boligmarkedet

Det blir stilt ingen krav om rusfridom for å få slike kommunale tenester.

 

 

Andre polikliniske tilbod i AFR

Ambulant tilbyr ambulerande behandling til personar som på grunn av somatiske, psykologiske eller sosiale årsaker ikkje er i stand til å nytte seg av, eller har klart å kome i kontakt med, ordinære polikliniske rusbehandlingstilbod i Helse Bergen

AFR LAR tilbyr Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og er eit behandlingstilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling til personar som er avhengige av heroin eller andre opioid (morfinliknande stoff).

  • AFR LAR Arna
  • AFR LAR Bergenhus
  • AFR Bergen og Bjørgvin fengsel
  • AFR LAR Fana/ Ytrebyda
  • AFR LAR Laksevåg
  • AFR LAR Omegn
  • AFR LAR Åsane

 

Tilbyr behandling til unge menneske i alderen 18 til ca. 45 år som strevar med rusmiddel- og avhengighetsproblemer.De har eit særlig ansvar for å prioritere pasientar under 25 år.

Maŋemus ođastuvvon 2024-03-20