Behandling
Behandlingstilbod i AFR
Tverrfagleg spesialisert rusbehandling inneber at sosialfagleg, psykologfagleg og medisinskfagleg personell på spesialistnivå skal samarbeide i behandlinga av ruslidingar.
Både sosialtenesta, helse- og omsorgstenesta og legen til kommunen kan visa deg til tverrfagleg spesialisert behandling. Det er ulike nivå og behandlingstilbod: poliklinisk behandling eller døgnbasert behandling for rus og avhengnadslidingar.
Pasientforløp
Alle som blir tilvist til spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern/rusmedisin og får rett til nødvendig helsehjelp, blir omfatta av eit pasientforløp
Behandlingstilbodet i AFR er retta mot pasientar som har problem med alkohol, narkotika, vanedannande legemiddel og speleavhengigheit.
Behandlingstypar i AFR
Tilbod som kan integrerast i behandlinga
Integrert i individualbehandling kan AFR tilby fleire ulike tilbod som er tilpassa pasienten. Under finn du eksemplar på desse tilboda.
ROP-lidingar
Behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding – ROP-lidingar
Tvang
På Tvangsposten vert pasientar innlagd utan eige samtykke (tvang) etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstjenesteloven (HOL), kor andre frivillege hjelpetiltak ikkje er formålstenlege eller tilstrekkelege.
Akuttbehandling i Helse Bergen
Akuttposten tek imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller abstinensbehandling. Gjennomsnittleg opphaldstid er kring 24 timar (maksimal opphaldstid er 48 timar).
Kommunen skal ha tilbod om døgnopphald for helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for akutthjelp. Dette tilbodet har ofte nemninga kommunale akutte døgnplassar (KAD), og er også tilgjengeleg for personar med rusmiddelproblem.
Lågterskeltilbod (interne og eksterne tilbod)
Det finst ei rekke eksterne lågterskeltilbod til personar med rusproblem. Her er eksemplar på nokre av dei
- Akuttovernatting for bostedsløse rusavhengige
- Frelsesarmeen- Bakkegaten. Et lavterskeltilbud for rusavhengige kvinner og menn over 18 år
- Hjelp til rusavhengige- Bergen kommune
- Housing First - Fra bostedsløs til varig bolig
- Lågterskeltilbod til rusavhengige - MO-sentre
- Saman- Studentsamskipnaden på Vestlandet
- URO- Ung Rus Oppdagelse
Sjølvhjelpsgrupper (eksterne tilbod)
For mange med eit rusmiddelproblem, vil deltaking i ei sjølvhjelpsgruppe vere til god hjelp.
For påmelding til gruppemøter:
nettverksgrupper@spillavhengighet.no
Tilbod for pårørande
Det er mange aktørar med kompetanse og erfaring i å støtta og rettleia pårørande. Tilboda er gratis, og du treng ikkje tilvising.
Tilbod for pårørande i Kanalveien 5
Gratis drop-in-tilbod for pårørande
Tidspunkt: onsdagar, klokka 16.00–18.00
Sted: Kanalveien 5
Her kan du som pårørande treffa fagpersonar frå Helse Bergen og pårørande frå Ivareta Bergen
Følg Ivareta Bergen på Facebook
Verktøy
Trygge, kvalitetssikra helseverktøy som kan motivera og hjelpa deg. Mange nettkurs, appar og videoar kan du bruka heilt fritt. Nokre av verktøya fungerer også som støtte og supplement til anna behandling
Maŋemus ođastuvvon 2024-07-26