Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Informasjon til vaksne

Du som vaksen bør snakke med barn og unge om undersøkinga dei skal igjennom før de kjem. Informasjon om kva dei skal og samtale om det som ligg føre bidreg til at barnet eller ungdommen kjenner seg trygg.

En voksen og en kvinne som tar seg av et barn på radiologisk
Vi som jobbar på avdelinga for barn og ungdom har særskilt opplæring og erfaring i å undersøke denne pasientgruppa. Utstyret og metodane me brukar er og spesielt tilpassa barn og unge. 

Kor mange bilete vi tar, er avhengig av type undersøking. Vi jobbar for å oppnå optimal kvalitet på bileta, samtidig som pasienten får så lav stråledose som mogeleg.
 
Tidlegare var det vanleg å dekke til delar av kroppen med blyteppe eller blyforkle for å skjerme mot stråling. Med vårt moderne utstyr og nøye tilpassa arbeidsmetodar er dette ikkje lenger hensiktsmessig.
 
Dersom foreldre treng å vere heilt nær for å støtte eller hjelpe barnet, eller dersom ein er gravid, kan ein framleis få tilbud om blyfrakk.

For at bilda vi tar skal blir så fine som mulig, må barnet kle av seg på den delen av kroppen som skal undersøkast. Som regel kan pasienten beholde undertøy (ikkje BH).
 

På radiologisk avdeling, seksjon for barn og ungdom bruker vi ikkje lenger blyskjerming. Det vil i praksis seie at vi ikkje legg blyteppe eller -forkle over barnet når det er til røntgen eller gjennomlysning.
Tekniske og prosedyrerelaterte forbedringar har resultert i at blyskjerming ikkje lenger er nødvendig. I tillegg viser nyere forskning at stråledoser gitt i moderne diagnostikk ikkje er skadeleg.

Desse studiane viser og at blyskjerming medfører ein viss risiko for auka stråledose samt risiko for å dekke over mulig relevant informasjon i bildet.
Spør oss gjerne dersom du har spørsmål om bruk av stråling og blyskjerming på barn.

Røntgen er ein måte å ta bilde av korleis kroppen ser ut på innsida. Det som oftast blir undersøkt er lungene, hjertet og skjelettet. I tillegg bruker vi røntgen til såkalla gjennomlysning-undersøkingar. Då lagar vi ein film ved hjelp av røntgen.

Røntgenstråler kan ein verken høyre, sjå eller kjenne. Difor brukar vi lys som hjelper oss å sjå kor på kroppen vi skal ta bilde, og et lydsignal som fortel oss når bildet er tatt. For deg som kjem til oss for å ta røntgenbilde vil det vera mest som å ta bilete med et vanlig kamera.

 
Maŋemus ođastuvvon 2024-08-13