Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Informasjon til tilvisarar og fagpersonar
Denne nettsida er for fagfolk som kjem i kontakt med barn i profesjonell samanheng.
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) har sju allmennpoliklinikkar (BUP) med ulikt geografisk ansvar og tre sengepostar.
Tilvisingar til Helse Bergen frå andre helseregionar kan gjerast med bakgrunn i Rett til val av behandlingsstad.
I slike tilfelle er ikkje samarbeidet mellom det kommunale hjelpeapparatet i din kommune og Helse Bergen regulert via samarbeidsavtale. Vi har heller ikkje same kjennskap til det kommunale hjelpeapparatet i din kommune, som vi har i Helse Bergen sitt opptaksområde. Det er likevel viktig at dei kommunale tenestene er innstilt på godt samarbeid og til å møte ved den aktuelle poliklinikk dersom det er behov for dette.
Med bakgrunn i kapasitet og praktiske årsakar, vil behandling og møteverksemd knytta til pasientar utanfor Helse Bergen sitt opptaksområde føregå på den aktuelle poliklinikk i PBU, Helse Bergen. Ein må derfor rekne med å reise for å motta helsehjelp. Det same gjeld lokalt hjelpeapparat som skal delta på møte i Helse Bergen.
BUP jobbar og saman med andre offentlege instansar, som til dømes skule / barnehage, fastlege, helsesjukepleier og i nokon tilfelle barnevern.