Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Bilde av bygning

BUP Ytrebygda

BUP Ytrebygda er ein av sju allmennpoliklinikkar i Helse Bergen, og har opptaksområde Bergen kommune - Ytrebygda bydel, Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod.

Kva er ein BUP?

Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.

Tilvising

Alle tilvisingar til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge går til nærmaste poliklinikk, med mindre det går fram av tilvisinga at pasient eller pårørande har nytta seg av rett til fritt sjukehusval.

Pasientar med rett til prioritert helsehjelp får brev om dette, med frist for oppstart. Alle tilvisingar skal vere behandla innan ti verkedagar.

BUP tilbyr evidensbasert behandling så langt det er mogleg. Dette betyr at behandlingsmetodane er basert på forsking.

Utgreiing

  • Generell utgreiing
  • Spesialisert utgreiing (til dømes nevropsykologisk utgreiing)

Behandling

  • Individuell behandling
  • Familiebehandling
  • Gruppebasert behandling
  • Medikamentell behandling

Konsultasjon og rettleiing

BUP er ei spesialisert helseteneste som kan gi råd (konsultasjon) og rettleiing til skuler, helsesøstrer, barnevernstenester, og barnehagar.

Kontakt

Sentralbord

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge BUP Ytrebyda Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

BUP Ytrebygda er samlokalisert med BUP Fana i Østre Nesttunvei 20.

 

      Pakkeforløp psykisk helse for barn og unge

      Pakkeforløp for psykiske lidingar hos barn og unge skal bidra til at du får heilskapleg utgreiing og behandling utan at du må vente unødig.
      Les meir om pakkeforløp og forløpskoordinator
      Ung jente ser i kamera. Foto

      Er du barn eller ungdom?

      Vi har laga ei nettside spesielt for deg. Her finn du informasjon om kva BUP er, og om korleis vi jobbar. Vi fortel meir om kven du kan snakke med og kva som skjer hos oss.
      Les meir om kva du møter hos oss
      PBU-barn-ungdom-COLOURBOX1644856.jpg

      Er du mor eller far?

      Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Då bør du oppsøke lege for å få barnet undersøkt. Legen kan tilvise til ein av poliklinikkane våre.
      Les meir om tilboda våre
      PBU-foreldre-COLOURBOX1656039.jpg

      Er du tilvisar eller fagperson?

      Vi har samla ein del informasjon til deg som har kontakt med barn i profesjonell samanheng. Når treng barn ekstra støtte, og korleis snakker ein med barn som har det vanskeleg?
      Les meir om kva du kan gjere når du er bekymra for eit barn?
      tilviser-fagperson-COLOURBOX5638114.jpg