Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

STABIL- nor

Effekt av tilleggsbehandling med semaglutide til personar som bruker antipsykotika og har prediabetes (STABIL- nor)

Mange som bruker antipsykotiske medisinar aukar i vekt, og nokon blir overvektige eller utviklar fedme. Nye medikament for å behandla overvekt eller fedme er ikkje tilstrekkeleg utprøvd for personar med schizofreni eller andre psykosar. Formålet med studien er å undersøkja om det antidiabetiske og vektreduserende legemiddelet semaglutide kan redusera vekt og betre glykemisk dysregulering.

Målgruppe for prosjektet er personar med ein schizofreni- spektrumsliding som bruker antipsykotisk medisin, og er overvektige. Primært utfallsmål er endring i vekt i løpet av 26 vekers behandling med Wegovy. Andre utfallsmål er endringar i kroppsbilete, varigheit av behandling med antipsykotisk medisin, endring av psykosesymptom og endring av kognitiv funksjon. Målet vårt er å belysa om Wegovy kan vera ei nyttig tilleggsbehandling til antipsykotisk medisinering i tilfelle kvar overvekt er aktuelt.

Kva inneber studien?

Deltakarar møter kvar veke for legemiddelinjeksjon i Forskningsavdelingen som er lokalisert ved Sandviken sjukehus. I tillegg blir det teke blodprøver, blir gjennomførte somatisk undersøking, og andre kartleggingar. Basert på loddtrekking vil halvparten av deltakarane få Wegovy og andre halvparten vil få placebo. Utprøvinga går føre seg i 6 månader.

Kven kan delta?

Vaksne med ein schizofreni- spektrumsliding og overvekt. Kroppsmasseindeks (BMI) over 30 eller BMI over 27 i tillegg til prediabetes. Det vil seia blodsukker mellom 5,6- 6,7,og/eller HbA1c mellom 39-47 mmol/L. Det vil bli utført ei grundig screening i forkant av inklusjon.

Les meir om studien under:

Prosjektside i Cristin, Current research information system in Norway

 

Informasjon om prosjektets inklusjonstatus per 04.12.2024:

  • 36 Samtykker
  • 30 Deltakere som er screenet
  • 21 Deltakarar som er randomiserte
Maŋemus ođastuvvon 2024-12-04