Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kva inneber det å være samarbeidande klinisk eining (for leiare)

KIT – the Key to Integrated Trauma treatment in psychosis (Integrert traumebehandling ved psykose) er ein pragmatisk RCT utvikla for å undersøke om traumebehandling i tillegg til standard behandling ved psykose gir betre symptom- og funksjonsnivå.

Logo for KIT trials

En majoritet av menneske med psykose fortel at dei har opplevd traume og slit med etterverknad av dette. Men i dag får ikkje menneske med psykose behandling for plagsame traumesymptom. Derfor må det utviklast ei god og verknadsfull traumebehandling; utvide den persontilpassa verktøykassen ved psykose.

Traumesymptom påverkar utviklinga av psykose, prognose og funksjonsnivå. Det er ønskeleg å gi klinikken gode verktøy for å behandle desse plagene, og brukargruppa, internasjonale forskarar og psykosebehandlarar i Norge har etterlyst dette. Den nasjonale psykoseretningslinja anbefaler fokus på traume, men ikkje en spesifikk metode. Derfor vil vi undersøke behandlingsmetodar som er evidensbaserte for traumelidingar (PTSD); EMDR og TF-CBT, ved psykose. 

Å være ein samarbeidande eining innebere at terapeutar i eininga inkludere og behandlar pasientar med EMDR (eller TF-CBT) frå egne pasientlister i egne einingar. Pasientane får den same behandlinga som elles, traumebehandlinga kjem i tillegg. Dvs. at pasienten har tryggheita frå standard behandling og evt. teamet sitt under og etter behandling. Behandlingsansvaret ligger dermed på denne eininga også i prosjektperioden, med standard journalføring, inntektsgrunnlag mm.

Terapeutar som ønsker å lære seg og å bruke evidensbasert traumebehandling og har moglegheita til å følge opp menneskjer med psykoselidingar i innan schizofreniaksa (F20-29) over noko tid kan være med. Særleg viktig er det at terapeutane er med på den omfattande opplæringa og påfølgande månadlege rettleiing. Det forventast ein inklusjon av pasientar pr. terapeut på minimum 3 innan 2025, og 5 innan 2027. Korlenge prosjektet vil vare er avhengig av ekstern finansiering.

Det er viktig at alle leiarnivå opplev at deltaking i KIT er i tråd med einingas strategi om kompetanseutvikling. Erfaring viser at deltaking i KIT som terapeut kan understøtte rekruttering og å behalde dyktige fagmedarbeidarar. Pasientar inkludert på en eining vil kunne inngå i den nasjonale kartlegginga av kor mange pasientar som er inkludert i klinisk behandlingsforsking.

Eininga vil måtte stille KIT-terapeuten til disposisjon til undervisning (3 dagar x 2) og månadleg rettleiing (2 timer). Det anbefalast også å la KIT-terapeutar delta på fagdagar, men dette må forankrast i einingas behov.

KIT skal ikkje medføre en økt registreringsbyrde for KIT-terapeutar. Det betyr at eige studiepersonell, dvs. studiesjukepleiarar og stipendiatar, hentar inn den forskingsrelaterte informasjon frå pasientane direkte gjennom eigne kartleggingsavtalar som er separate frå behandlingsavtalane, noko informasjon hentast inn frå Norse DataCap, og alt lagrast på sikker forskarserver. Terapeutane bruker berre eit kartleggingsskjema etter kvar time som kartlegg forverring av tilstand samt om behandlingsmetoden er brukt. I tillegg bruker terapeuten et screeningsverktøy før oppstart for å se om pasienten er plaga av traume. Nokon gonger vil studiepersonell supplere pasientdata med informasjon frå journal og nasjonale kvalitetsregistre. Prosjektet er godkjent av REK, og monitor sikrar gjennomføring i tråd med protokoll og pasienttryggleik på alle lokasjonar.

Alle geografiske lokasjonar har ein eige prosjektleiar som har en koordinerande funksjon og med et lokalt ansvar, og som kan kontaktast. Lokal prosjektleiar blir også kontaktet om det skulle være en endring av tilstand for pasienten som ein må ta hensyn til klinisk.

Kontaktinformasjon: 

Nasjonal prosjektleiar
Else-Marie Løberg
E-post: else.marie.loeberg@helse-bergen.no
Tlf: 98 09 44 20

        

 

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-07-04