Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Senter for populasjonshelse

Forskingsgruppa nyttar kliniske data og registerdata på regionalt og nasjonalt nivå til å undersøke uønskte konsekvensar av psykiske lidingar: Sjølvmord, sjølvskading og tidleg død; sysselsetjing og trygd; kriminalitet og vald. Desse analysane vert utførte med tanke på å førebygge at psykiske lidingar får slike negative konsekvensar ved skalerbare kliniske og strukturelle tiltak.

illustrasjonsfoto

Forskingsgruppa sin funksjon:

  • Bruke av eksisterande registerdata, epidemiologiske data og kliniske data til forskingsformål.
  • Publisere innan psykiatrisk epidemiologi og helsetenesteforsking i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift.
  • Samarbeide med forskarar nasjonalt og internasjonalt.
  • Tilby eit stimulerande og attraktivt fagmiljø for forskarar på ulike nivå.
  • Sikre forskingsfinansiering.
  • Utvikle høg kompetanse på forskingsmetode.

Sikre høg kompetanse på formalia i slik forsking, herunder krav frå REK (Regional komité for medisinsk og helsefagleg forsking) og GDPR (General Data Protection Regulation).

Forskingsgruppa sin arbeidsmåte:

  • Hyppige prosjektspesifikke arbeidsmøte og rettleiingsmøter
  • Omlag fire møter i forskingsgruppa årleg der alle vert innkalla

Tilby attraktivt og stimulerande fagmiljø:

  • Forskingsgruppa sin aktivitet er finansiert av tre pågåande NFR (Norges forskningsråd)-finansierte prosjekt (programma FRIPRO, HELSEVEL, VAM) samt finansiering frå Helse Vest og eiga finansiering. Dette finansierer for tida ein forskingskoordinator og seks PhD stipendiatar i heile stillingar. I tillegg har vi bidrag i deltid frå professorar og erfarne klinikarar, delvis finansiert over nemnde løyvingar.
  • Det vert lagt til rette for at klinikarar kan delta i forskingsgruppa med eigne prosjekt eller bidrag til andre sine prosjekt. Forskingsgruppa legg til rette for tilgang til data, godkjenningar og rettleiing.

Prosjektet er eigd av Nordlandssykehuset HF (NLSH) og det er finansiert av Forskingsrådet. Jamfør samarbeidsavtale mellom NLSH og Helse Bergen (HB) er delar av registerforskinga, helseøkonomiforskinga og surveyforskinga lagt til forskingsgruppa ved Sandviken sjukehus.

Om prosjektet
Psykiske lidingar er no den vanlegaste årsaka til uførhet i dei fleste vestlege land, og andelen personar som blir uføre med psykiske lidingar har auka dei siste tiåra. Mindre enn ti prosent av personar med schizofrenidiagnose er i arbeid i Norge. Deltaking i arbeidslivet kan auke livskvaliteten til den enkelte, og samstundes redusere den økonomiske belastinga på samfunnet. Det kan finnast ei løysing på dette problemet. Individuell jobbstøtte (IPS) er spesielt tilpassa personar med alvorlege psykiske lidingar. Omlag 30 randomiserte kontrollerte studiar frå heile verda har synt at IPS aukar andelen av personar i arbeid samanlikna med tradisjonell arbeidsrehabilitering. Trass i den overveldande evidensen for effekten av IPS, har denne tilnærminga ikkje blitt implementert som standard praksis nokon stad i verda. Nasjonale politiske føringar fremjer no både implementering og spreiing av IPS, og det vert lagt vekt på kor viktig integrering i arbeidslivet er for menneske med psykiske lidingar. IPSNOR er eit stor-skala initiativ for å integrere IPS i spesialisthelsetenesta. Hensikta med prosjektet er å fremje implementering av IPS i Norge.

Prosjektet har seks arbeidspakkar, som kan formulerast som forskingsspørsmål:

  1. Aukar graden av sysselsetjing og vert velferdsytingar redusert i område der IPS er implementert? Vi vil følge IPS-satsinga i Nord-Norge som starta i 2018 og vi vil dessutan analysere tidlegare implementering av IPS i Norge.
  2. Kva er dei helseøkonomiske konsekvensane for offentleg sektor ved å implementere IPS?
  3. Kva er barrierane for å implementere IPS? Og korleis vert desse eventuelt løyst?
  4. Korleis opplever brukarane IPS?
  5. Kva er kjenneteikna ved IPS jobbspesialistar som lukkast i jobben?
  6. Kva er vanlege forløp (arbeid, helse, trygd) fram til uføretrygd vert innvilga?
  7. Forløp til uføretrygd for psykiske lidingar.


Godkjenningar
Delar av prosjektet er REK-godkjent (2012/2239). Prosjektet sin sluttdato er juni 2022. Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd gjennom programma HELSEVEL og Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM).


Prosjektmedarbeidarar som har arbeid i Divisjon psykisk helsevern på fulltid eller i lengre forskingsopphald
- Arnstein Mykletun (prosjektleiar)
- Elisabeth Sandtorv, PhD-stipendiat 
- Daniil Butenko, PhD-stipendiat
- A-la Park, PhD-stipendiat
- Oda Lekve Brandseth, prosjektkoordinator
- Miles Rinaldi, IPS-ekspert fra NHS, London
- Eoin Killackey, professor ved University of Melbourne

Øvrige samarbeidspartnarar
Nasjonalt samarbeid:
- Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske Universitet
- Helse-Nord RHF
- Folkehelseinstituttet
- Arbeids- og velferdsdirektoratet
- NAV i Troms, Nordland, Finnmark, Hadeland, Østfold og Hordaland.
Internasjonalt samarbeid
- London School of Economics, London, UK
- University of New South Wales og Black Dog Institute, Sydney, Australia
- The South West London & St Georges Mental Health NHS
- University of Melbourne

Prosjektet si offisielle nettside
Link til meir informasjon om IPS-prosjektet:
https://ipsnor.no/https://nordlandssykehuset.no/fag-og-forskning/kompetansesentre/kompetansesenter-for-arbeid-og-psykisk-helse


Publikasjonar
Brinchmann, B., Widding-Havneraas, T., Modini, M., Rinaldi, M., Moe, C. F., McDaid, D., Park, A., Killackey, E., Harvey, S. B. & Mykletun, A. (2019). A meta-regression of the impact of policy on the efficacy of Individual Placement and Support. Acta Psychiatrica Scandinavica. doi: 10.1111/acps.13129.


Modini, M., Tan, L., Brinchmann, B., Wang, MJ., Killackey, E., Glozier, N., Mykletun, A. & Harvey, S. (2016). Supported employment for people with severe mental illness: Systematic review and meta-analysis of the international evidence. The British Journal of Psychiatry. 209(1), doi: 10.1192/bjp.bp.115.165092.


Brinchmann, B. & Mykletun, A. (2012). Vil individuell jobbstøtte gi færre uføre? Tidsskrift for norsk psykologforening, 49(12), 1236-1239.

Om prosjektet
ADHD medisinering varierer mellom regionar. Gir restriktiv eller liberal diagnostisering og medisinering av ADHD best langtidsprognose?
Det er godt dokumentert i 185 randomisert kontrollerte studiar at stimulerande medisinar er nyttige for pasientar med ADHD. Dette er ukontroversielt i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). ADHD er i ei særstilling blant diagnosar i BUP-feltet ved at medisinar er førstevalet for behandling.

Pasientar som er henvist til BUP har ofte nokre symptom som samstemmer med ADHD, men det kan samstundes vera andre omstende som óg kan forklare symptoma. Til dømes kan born leve i kaotiske familiar, dei kan oppleve skolen som kjedeleg, eller dei kan beint fram ha mykje energi. Basert på klinisk skjønn må psykiateren ta stilling til om det skal setjast ADHD diagnose og om ein skal starte medisinering.
Denne kliniske vurderinga varierer mellom psykiatrar og sjukehus. Konsekvensen av dette er at raten av ADHD diagnose og medisinering varierer mykje mellom regionar og sjukehus (BUPar). Tilsvarande ser ein at raten varierer mellom land. Frankrike er til dømes nokså restriktiv med både ADHD diagnose og behandling, medan USA er forholdsvis liberal.
Dei mange eksperimenta som er gjort avklarar ikkje denne kontroversen i barne- og ungdomspsykiatrien. Eksperimenta er baserte på barn og unge med tydeleg ADHD-diagnose.

Variasjonen i behandlingsrate for ADHD i Norge reflekterer mykje av den internasjonale variasjonen. Vi vil undersøke om ei liberal eller restriktiv tilnærming til ADHD-diagnose og ADHD-behandling gir den beste prognosen for pasientar. Til denne studien vil vi berre bruke registerdata og naturleg variasjon i ADHD-behandlinga.

Godkjenningar
ADHD-prosjektet 288585 er REK-godkjent (2017/2150). Prosjektet sin sluttdato er oktober 2023. Prosjektet er finansiert av NFR FRIPRO og Helse Vest RHF.

Aktuelt for tiden

Foto: ADHD-forskingsgruppa

ADHD-forskingsgruppa under vårt oppstartsseminar. Seminaret inkluderte presentasjonar og diskusjonar rundt ADHD-diagnosen og behandling frå et klinisk perspektiv, samt instrumentvariablar, kausale grafar og identifikasjonsproblemar frå et metodologisk perspektiv. Vi hadde mange gode diskusjonar som kombinerte klinisk og metodologisk ekspertise, og ser frem til å fortsette dette samarbeidet i årene framover.

Medlemmer

  • Arnstein Mykletun (leiar)
  • Tarjei Widding-Havnerås, PhD-stipendiat
  • Ashmita Chaulagain, PhD-stipendiat
  • Ingvild Lyhmann, PhD-stipendiat
  • Simen Markussen, seniorforsker Frischsenteret Oslo, deltidsrolle i prosjektet
  • Felix Elwert, professor Wisconsin University, deltidsstilling ved Helse Bergen (HBE)
  • Henrik Daae Zachrisson, professor UiO, deltidsstilling ved HBE
  • Ingvar Bjelland, professor, overlege i HBE
  • Anne Halmøy, førsteamanuensis, overlege HBE
  • Petter Butterworth, professor ved Australian National University, Canberra, Australia


Kva for innverknad har implementering av recovery-orientert praksis på pasientane si vurdering av behandlinga og pleiarane si vurdering av eige arbeid ved Klinikk sikkerhetspsykiatri?

Hensikt:
Hensikten med prosjektet er å evaluere implementeringa av recoveryorientert praksis i Klinikk sikkerhetspsykiatri.

Metode:
Evalueringsstudie som er laga som ei kvasi-eksperimentell longitudinell studie, basert på kvantitative data frå eit studieutval og eit kontrollutval på fem måletidspunkt; ved oppstart (T1 = baseline), og etter 6 (T2), 12 (T3), 18 (T4) og 24 (T5) månader.

Studieutvalet består av pasientar og tilsette ved Klinikk sikkerheit i Helse Bergen og kontrollutvalet består av pasientar og tilsette ved sikkerhetsavdelinga i Helse Fonna. Kontrollutvalget får ei utsett implementering og vil fungere som kontrollgruppe fram til T3.

Prosjektperiode:
Mai 2018 til juni 2022

Samarbeidspartnarar:

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Valen sjukehus, Helse Fonna.


Status:
Pågåande datainnsamling

Resultat:
Dei første resultata er venta å bli publiserte i løpet av 2020.

Godkjenningar:
Vurdert av REK til ikkje å vera omfatta av helseforskingslova.
Tilrådd av personvernombudet i Helse Bergen og av NSD når det gjeld kontrollutvalget i Helse Fonna.


Maŋemus ođastuvvon 2024-06-10