Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Barne- og Ungdomsklinikken (BUK), Klinikk Psykisk helsevern for Barn og Unge (PBU) og Kvinneklinikken

Seksjonsleiar: 

Stian Hammer 

Tel: 55 97 12 50  

Epost: stian.hammer@helse-bergen.no 

 

Bemanning: 

Barne- og Ungdomsklinikken (BUK): ca 5,5 fysioterapistillingar og 1 fagleg leiar innan trening. Ved Kvinneklinikken (KK) er det ca.2.2 fysioterapistillingar inkludert fysioterapeut i turnusteneste, og ved Klinikk psykisk helsevern barn og unge (PBU) er det per i dag 1 fysioterapistilling. Vidare har vi ein 20% stilling ved poliklinikk for overvekt barn og unge (PFO), og ein 20% stilling ved Alderspsykiatrisk avdeling. 

 

Kvar er vi? 

Fysioterapeutene ved BUK, KK, PBU og alderspsykiatrisk avdeling er lokalisert i Glassblokkene (Blokk 2-8). Vi har kontorlandskap i Energisenter for barn og unge (Blokk 2, 1. etg). Oppfølgingen ved PFO skjer på Ulriksdal Sykehus.  

 

Arbeidsområde 

Barne- og Ungdomsklinikken (BUK) inkludert Psykisk Helsevern for Barn og Unge (PBU): 

Seksjonen gjev fysioterapeutisk oppfølging til barn og unge. Fysioterapi skjer som akuttbehandling, men også langvarig behandling innan nevrorehabilitering og behandling av kronisk sjuke barn. Fysioterapeutane ved seksjonen er knytt til ei rekke ulike avdelingar ved sjukehuset. Vi gir individuell behandling, dels på post og dels på treningsrom, gymsal og i basseng.  

I tillegg til oppfølging av inneliggande pasientar, har BUK/PBU utstrekt poliklinisk verksemd. Vi har godt fungerande tverrfaglege poliklinikkar for barn med til dømes Cystisk Fibrose, andre kroniske lungesjukdomar, premature, reumatiske og overvektige barn, utredning av barn med nevroutviklingsforstyrrelser, samt for barn med samansette vanskar på tvers av somatikk og psykiatri, «Tjenester på tvers».  

Poliklinisk verksemd skjer på treningsrom, gymsal og basseng, og kan skje både individuelt og i grupper. Fysioterapeutar og faglig leiar for trening har også eigen poliklinisk verksemd.  

Fysioterapeutane knytt til seksjonen samarbeider tett med leger, pleiepersonale, sosionom, psykolog og lærar. Vi samarbeider også tett med foreldra til barna og med primærhelsetenesta.   

 

Her kan du lese meir om BUK og PBU:  

 

Kvinneklinikken: 

Ved Gynekologisk avdeling er pasientar ved kreftavdelinga prioritert. Dei har tilbod om oppfølging i alle faser av sjukdommen. Dette inkluderer lindrande behandling og vurdering/ behandling av lymfødem. Ved operasjonar får pasientar informasjon og rettleiing før og etter inngrepet. 

Pasientar ved barselavdelinga får rettleiing og instruksjon. Barselkvinner med særskilte behov som keisarsnitt, rifter i bekkenbotn, bekkenløysing og anna, får individuell rettleiing/behandling. Det vert og gjeve rettleiing til foreldre når barnet treng oppfølging av fysioterapeut, til dømes ved fotdeformitet og skade på nerveplexus. 

Behandling er primært retta mot inneliggande pasientar, men seksjonen har også poliklinisk verksemd.  

Vi kan formidle time til kontroll av barn hjå kommunefysioterapeut eller på Fysioterapiavdelinga ved Barneklinikken. 

I særskilte høve vert fysioterapi rekvirert til pasientar som er innlagde ved Observasjonsposten for gravide. 

 

Her kan du lese meir om Kvinneklinikken: Kvinneklinikken KK - Helse Bergen HF (helse-bergen.no) 

 

 
 
Maŋemus ođastuvvon 2024-10-16