Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Einingar i Fysioterapiavdelinga

Fysioterapeutane er organisert i ulike einingar/seksjonar:

​ ​​​​

Dei enkelte einingane blir leia av ein seksjonsleiande fysioterapeut/seksjonsleiar.

Dei ulike einingane betener sine re​spektive kliniske avdelingar. Meir spesifikk informasjon om dei ulike einingane kan du finne ved å klikke på den enkelte eininga sitt namn.

Fysioterapiavdelinga har felles undervisning og informasjonsmøte for alle tilsette.

Einingane har felles vaktteneste og samarbeider i forhold til pasientar som blir flytta mellom avdelingane. Fysioterapeutane samarbeider også i forhold til utveksling av informasjon om sine respektive fagfelt. Dersom enkelte einingar har nedsett bemanning i periodar, hjelper dei andre tilsette på Fysioterapiavdelinga. Avdelingssjefen organiserer hjelpa dersom det dreier seg om ein lengre periode.

I tillegg til fagleg og pasientretta samarbeid, er det sosiale fellesarrangement ved Fysioterapiavdelinga.

Spørsmål vedrørande faglege retningslinjer/ retningslinjer for behandling kan rettast til den seksjonsleiande fysioterapeuten ved kvar eining.​​

Maŋemus ođastuvvon 2024-09-26