Ergoterapi ved revmatisk sjukdom
Ergoterapeutane ved Revmatologisk avdeling har fokus på at pasientar skal kunne vera aktive og oppleve meistring i daglege aktivitetar i heim, på arbeid/skule og på fritida. Gjennom samtale, undersøkingar og observasjon kartlegg ergoterapeuten korleis pasientar fungerer i daglege aktivitetar, og kva faktorar som fremmer og hemmar aktivitet og deltaking.
Ergoterapeutane er sentrale i den tverrfaglege oppfølginga av pasientar med ulike revmatiske sjukdommar, både i utgreiing, behandlingsforløp og rehabilitering. Vi møter pasientar i poliklinikk, på sengepost og på dagpost, og tilbyr oppfølging individuelt og i ulike grupper. I tillegg deltek vi i pasientundervisning på Lærings- og meistringssenteret, og vi rettleiier ergoterapistudentar i praksis.
Maŋemus ođastuvvon 2024-11-28