Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Kven kjem til oss
Akuttrehabilitering
Spinaleininga tek imot pasientar frå heile helseregion Vest med traumatiske og ikkje-traumatiske ryggmargsskader for rehabilitering. Pasientar med traumatiske skader, til dømes etter fall eller trafikkuhell, vert først lagt inn på ei akutt kirurgisk avdeling.
Pasientar frå Vestland kjem som regel direkte til Haukeland Universitetssjukehus og vert innlagt på Nevrokirurgisk avdeling ved nakkeskadar og Ortopedisk avdeling ved skadar i ryggen. Dersom skaden skjer i Rogaland, vil pasienten først bli innlagt på akuttavdeling i Stavanger. Spinaleininga blir kontakta av akuttavdelinga så snart det er kome inn ein pasient med ryggmargsskade.
Ikkje-traumatiske skadar kan kome frå akutt sjukdom i ryggmargen, eller som komplikasjon til medisinsk eller kirurgisk behandling. Avdelinga der skaden oppstår eller vert oppdaga henviser pasienten til Spinaleininga.
Mange pasientar har tilleggsskadar eller komplikasjonar som gjer det nødvendig med eit opphald på intensivavdeling før rehabilitering tar til. Rehabiliteringsopphald etter akutt skade varer frå veker til månadar. Pasientane skrivast ut anten til eigen heim, til rehabiliteringsinstitusjon i heimkommunen, eller til mellombelse løysingar i påvente av bustadtilpassing.
Oppfølging
Spinaleininga har oppfølging i form av kontrollopphold og vurderingsopphold. Pasient, fastlege og andre spesialistar kan og søke råd vedrørande skaden og komplikasjonar til denne.
Opphald med særskilt fokus
Det finnast visse komplikasjonar der det kan vera naudsynt med opphald i Spinaleininga med særskilt fokus. Her er ei øversikt:
Vi samarbeider tett med urologisk avdeling ved alvorlige blæreproblem der det kan vera aktuelt med kirurgisk eller medikamentell behandling. I forbindelse med dette blir ofte den ryggmargsskadde innlagt på Spinaleininga.
Nokon ryggmargsskadde har endringer av ereksjon, utløysing og andre seksualfunksjonar, og kan ha problem med infertilitet (ufrivillig barnløyse). Spinaleininga kan gje tilbod om rådgiving og medikamentell behandling av seksualfunksjonsproblem eller utredning/behandling ved ufrivillig barnløyse.
Spastisitet (unormal motstand mot strekk av musklar, somme tider spontane spasmer) er vanleg etter ryggmargsskade. Det kan vere naudsynt med spesialisert behandling av dette. Under opphald i Spinaleininga kan vi nytta botulinumtoxin som vert sprøyta inn i spastiske muskler, eller det kan vere aktuelt med infusjon av spasmedempande medikament (Baklofen) i ryggmargskanalen. Spinaleininga har og ein poliklinikk for spastisitetsbehandling, der ein, i tillegg til ryggmargsskadar, behandlar spastisitet som skuldast andre sjukdomar og skadar i sentralnervesystemet som til dømes hjerneslag, multippel sklerose og cerebral parese.
Trykksår kan oppstå etter ryggmargsskade, grunna nedsett kjensle i huda og nedsett evne til stillingsendring. Ved kroniske trykksår som ikkje let seg behandle effektivt med avlasting av trykk, kan Spinaleininga tilby nokre dagers opphald eller poliklinisk avtale for samordna vurdering med plastikkirurg og ortoped.
Nokon ryggmargsskadde med nedsett handfunksjon kan ha nytte av handkirurgi for å få betra funksjon. Ein slikt vurdering blir som regel gjort før utskriving frå primæropphald, og ein blir seinare kalla inn til operasjon og opptrening.