Nevroklinikken innfører brukarstyrt digital avstandsoppfølging
Brukarstyrt digital avstandsoppfølging av epilepsipasientar som er utvikla ved Vestre Viken HF innførast ved Nevroklinikken.
Pasientgruppa har svært ulike behov, men helsetenesta har til no i liten grad ein persontilpassa oppfølging av epilepsipasientar. Dagens system fanger i liten grad opp kva pasientar som har ukontrollert epilepsi og alle pasientane har meir eller mindre same oppfølgingsintervall. Fleire av pasientane må vente ut over anbefalt tid for kontrollar. Dette innovasjonsprosjektet vil bidra til at pasientane får behandling og kontrollar når dei treng det.
Løysinga inneber at pasientane skal rapportere digitalt via mobil/nettbrett tre ganger i året om epileptiske anfall, biverknadar av medikamentbruk, psykiske helseplager, vanskar i arbeidsliv/skole mm. Skjemaet blir lagra i CheckWare-portalen, i pasientjournalen (DIPS) og i EpiReg - Forskings- og kvalitetsregister for Epilepsi i Helse Bergen.
Ut frå svara til pasienten blir rapporten markert som grøn, gul eller rød. Den digitale portalen blir jamnleg kontrollert av epilepsisjukepleiar som set opp pasientane til telefonkonsultasjon eller anna type konsultasjon med helsepersonell, ut frå hastegrad og problemstilling.
SJÅ VIDEO:
Pasienterfaringsundersøkelse for Nevrologisk avdeling
Undersøkelsen er anonym, og det er selvsagt frivillig å delta. Du vil få en sms med link til undersøkelsen dersom du har fått oppfølging på nevrologisk poliklinikk for din epilepsidiagnose. Her ønsker vi å vite mer om samarbeid og ivaretakelse av deg som pasient, samt forbedringspotensiale i arbeidet vårt.