EEG undersøking av barn og unge
Her er film og bildeserie om korleis EEG undersøking går føre seg.
Ved Klinisk nevrofysiologi barn og unge gjer vi undersøkingar av hjernefunksjonen hos barn og unge i alderen 0-18 år. Undersøkingane blir brukt til utgreiing eller overvåking og diagnostisering av sjukdommar i hjerna og i nervesystemet. Dei vanlegaste undersøkingane vi gjer er EEG, som er forkorting for elektroencefalografi, og søvnregistrering.
Her er film og bildeserie om korleis EEG undersøking går føre seg.
Dersom du har behov for tilrettelegging under undersøkinga kan du gje beskjed til oss ved å fylle ut dette skjemaet og sende inn via helsenorge.no seinast ei veke før du har time.
For å komme til oss må du gå til Glasblokkene der vi held til i 1. etasje i Blokk 8.
Ved ankomst registrerer du deg i innsjekkingsautomaten i resepsjonen eller så kan du registrere deg på mobilen din. Så går du vidare til blokk 8 og til venterommet som heiter Ventesone C31. Her kan du vente til vi kjem og henter deg.
Dersom du parkerer i Sentralblokka kan du følge lyseblå gangsone fra parkeringsdekket ved utgang nord. Glasblokkene vil vere bygget du har foran deg. Følg den lyseblå gangsona for å komme til hovudinngangen.
Frå parkering i Glasblokkene tek du heis til 1.etasje og går til resepsjonen ved hovudinngangen.
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen