Vil du jobbe i Utgreiingsmottak 2?
I UMO 2 får du varierte arbeidsdagar og breddekompetanse innan mange fagområde. Du blir god til å sjå samanhengar og til å tenke proaktivt.
Arbeidsoppgåvene er blant anna mottak av nye pasientar, observasjon/overvåking, pre- og postoperativ sjukepleie, og kommunikasjon og samhandling med kommunane.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar.
I samarbeid med fagsjukepleiar legg vi til rette for god og strukturert opplæring.
Maŋemus ođastuvvon 2024-02-01