Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Pasient ved Søvnpoliklinikken

Her kan du lese meir om kva du kan forvente som pasient ved Søvnpoliklinikken, og kva utgreiinga inneber.

Søvnpoliklinikken utgreier og behandlar i hovudsak voksne pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar og alvorlege hypersomniar.

Søvnpoliklinikken har i lita grad eit tilbod for pasientar med andre søvnsjukdommar (insomni, døgnrytmeforstyrringar, parasomniar og restless legs), då desse i hovudsak skal handterast i primærhelsetenesta (f.eks. fastlege eller psykolog). Det vil berre unntaksvis vere trong for nattlige søvnregistreringer ved desse søvnsjukdommane. 

Her kan du lese meir om søvnsjukdommane som greiast ut og behandlast ved Søvnpoliklinikken, og om kor du kan få hjelp til dine søvnproblem.

I forkant av timen din ved Søvnpoliklinikken ber vi deg fylle ut eit spørjeskjema og å føre søvndagbok i ei veke:

  • Eit par veker før timen din, får du tilsendt sms med lenkje til eit spørrskjema. Skjema kan då fyllast ut på mobil (innlogging med Bank ID). Om du heller vil fylle ut skjema på pc kan du følgje denne lenkjen (innlogging med Bank ID), og om du vil fylle ut skjema på papir følgjer du denne lenkjen (levering ved oppmøte).

  • Søvndagboken blir sendt til deg i posten og fyllast ut på papir. Du kan óg laste ned søvndagbok via denne lenkjen.

  • Når du kjem til Søvnpoliklinikken for fyrste gong, vil du bli spurt om å delta i vårt kvalitets- og forskningsregister. Kva det inneber, kan du lese meir om her.

Søvnpoliklinikken utgreier og behandlar i hovudsak pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar (søvnapné) og alvorlege hypersomniar. Utgreiinga av disse søvnsjukdommane krev som regel ei nattlig søvnregistrering. Det vil berre unntaksvis vere trong for nattlige søvnregistreringer ved andre søvnsjukdommar.

 

Utgreiing av søvnapné

Ved mistanke om pustestans om natta (søvnapné) målast pustestraum med ein sensor under nasen, pusterørsle målast med eit belte rundt brystkasse og mage, og surstoffmetting målast med ein sensor på fingeren. Denne utgreiinga kallast respiratorisk polygrafi (RPG). Sjukepleiar vil gi deg registreringsutstyret og vise deg korleis det skal brukast. For deg som bor i rimeleg nærleik til sjukehuset, tar du registreringsutstyret med heim og søv med dette i eiga seng.

 

Utgreiing av hypersomniar

Utgreiing av hypersomniar inneber ei nattleg søvnregistrering, samt ei registrering av søvn på dagtid. Søvnregistreringa går ut på å sove med elektrodar/leidningar til festa til hovudet for å måle hjerneaktivitet, medan sensorar under nasen, på fingeren, på beina og rundt brystkasse/mage målar pusten din og beinbevegelsar medan du søv. Ei slik utgreiing kallast polysomnografi (PSG). Oppkoplinga til PSG gjerast på sjukehuset, men for dei som bor i rimeleg nærleik til sjukehuset gjeres den nattlege registreringa heime i eiga seng. Søvnregistrering på dagtid kallast multippel søvnlatenstest (MSLT), og gjerast på Søvnpoliklinikken.

 

Pasienter med søvnapné får tilbod om behandling og oppgfølging ved Søvnpoliklinikken. Les meir om søvnapné og behandling her.

Pasienter med hypersomnier/narkolepsi får behandlingsoppfølgjing av nevrolog. Les meir om hypersomnier/narkolepsi og behandling her.

Andre søvnsjukdommar skal i hovudsak handterast i primærhelsetenesta. Les meir om desse søvnsjukdommane her.

 

Vil du vite meir om søvnsjukdommar?


På heimesidene til Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), kan du finne mykje nyttig informasjon om søvn og søvnsjukdommar.

Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno)
En gruppe firkanter
Maŋemus ođastuvvon 2024-05-16