Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Avansert heimesjukehus lungeavdelinga

Avansert heimesjukehus tilbyr kontroll og oppfølging av behandling med langtids mekanisk ventilasjon (Respirator/BiPAP) heime, i tillegg til utgreiing av behov for dette. Avansert heimesjukehus sørger for spesialistbehandling frå erfarne legar, sjukepleiarar og fysioterapeutar i kjente og trygge omgivnader. Tenesta gir oppfølging utan behov for transport til og frå sjukehus.

Oppfølging og utgreiing vil gå føre seg over to dagar  

Dag 1: Sjukepleiar kjem heim til deg med nødvendig utstyr og gir opplæring i dette. Utstyret blir testa, og det blir tatt blodgass og pusteprøver. På natta blir utstyret sett opp for leggetid og blir fjerna når du vaknar.  

Dag 2: Sjukepleiar hentar utstyret og samlar inn data. Det blir halde samtale med behandlande lege via telefon eller video, og det blir sett opp ein plan for vidare kontrollar.  

  

Avansert heimesjukehus gir same oppfølging som ved sjukehuset  

  • Ei nattleg måling av CO2 (karbondioksid) og måling av O2 (oksygen) kor vi undersøker om innstillinga på pustemaskina di er optimal i forhold til behovet ditt.  
  • Blodgass og pusteprøver.  
  • Nedlasting av data frå pustemaskina og evt. hostemaskina di.   
  • Samtale med sjukepleiar vedrørande behov for meir opplæring eller utfordringar med maske.  
  • Samtale med lege om nåverande behandling og plan vidare.  
  • Samtale med fysioterapeut dersom behov. 

  

Heimesjukehuset er ope tysdag og onsdag kvar 2. uke (oddetalsuker)

Du vil få innkallingsbrev per post. 

 

Kontaktinformasjon

Kontakt Lungeavdelinga post 1 ved behov for meir informasjon. 

Telefon: 55 97 35 70

Personalet er lettast tilgjengeleg mellom klokka 13-14 og 17-18

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-10-24