Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Arveleg pankreaskreft (bukspyttkjertelkreft)

Bukspyttkjertelkreft er vanlegvis ikkje arveleg, men det er antatt at rundt 5–10 % av tilfella har ein genetisk (arveleg) komponent.

Kven blir testa for arveleg bukspyttkjertelkreft?

Mange pasientar med bukspyttkjertelkreft får tilbod om ein gentest av kirurg eller kreftlege, då dette kan påverke behandlinga. Dersom du ikkje sjølv har bukspyttkjertelkreft, men tilhøyrer ein familie med fleire tilfelle av diagnosen, kan det vere relevant å teste deg for arveleg bukspyttkjertelkreft. Denne blodprøva må bestillast av ein lege eller genetisk rettleiar ved ein medisinsk-genetisk avdeling. Fastlegen din kan henvise deg til dette dersom det er relevant.

Korleis blir ein testa for arveleg bukspyttkjertelkreft?

Pasientar som blir utreda for arveleg bukspyttkjertelkreft får vanlegvis tilbod om analyse med eit såkalla genpanel, der fleire genar blir analysert samtidig. Det er viktig å vere klar over at dei fleste genane som kan knytast til bukspyttkjertelkreft også er forbundne med risiko for andre krefttypar, som brystkreft, tarmkreft og eggstokkreft.

Kva skjer dersom vi finn ein genfeil?

Dersom gentesten viser at du har ein genfeil, vil du få tilbod om genetisk rettleiing. Oppfølginga du får vil avhenge av kva genfeil du har. Generelt vil oppfølging av personar med genfeil som gir auka risiko for bukspyttkjertelkreft, rette seg mot andre kreftformer enn bukspyttkjertelkreft. Dette skuldast at tidleg diagnose av bukspyttkjertelkreft er vanskeleg, og det finst ikkje gode, kunnskapsbaserte retningslinjer for oppfølging av personar med auka risiko enda.

Korleis kan ein førebyggje bukspyttkjertelkreft?

Viktige risikofaktorar for bukspyttkjertelkreft inkluderer røyking, overvekt, diabetes, kronisk pankreatitt og eksponering for enkelte kjemikaliar. Dei viktigaste råda til personar med auka risiko for bukspyttkjertelkreft er derfor å slutte å røyke, unngå overvekt og vere måtehalden med alkohol.

Maŋemus ođastuvvon 2025-04-04