Forsking ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
Forskings- og utviklingsarbeidet er knytt til kvalitetssikring av laboratorieverksemda og rett bruk av laboratorieanalysar i diagnostikk og behandling.
MBF driv forsking innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, satsingsområda våre er omtala nedanfor under dei ulike fagområda. Forskingsaktiviteten vår spenner breitt.
Våre målsetjingar:
- Drive kliniske studier som fokuserer på diagnostiske eller prognostiske problemstillingar.
- Auke kunnskapen om kvalitetssikring av laboratorieverksemda.
Vi utfører derfor studier som undersøker kva som er optimal behandling av prøvemateriale, bestemmer normalområde eller endogen variabilitet av biomarkørar, eller undersøker korleis laboratoriet kan bidra til korrekt bruk og tolking av analyseresultat. - Utvikle nye eller forbetre eksisterande analysemetodar.
I tillegg til ulike vitskapelige tilsette og studentar er det mange ulike yrkesgrupper som deltek i forsking ved MBF mellom anna legar, bioingeniørar, kjemikarar og molekylærbiologar.
Maŋemus ođastuvvon 2024-06-13