Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Standard lipidprofil og kardiovaskulær risikovurdering

Eit lipidresultat kan tyde på auka risiko for kardiovaskulær sjukdom sjølv om det ligg innafor referanseområdet. Dette gjeld alle analysane som inngår i standard lipidprofil: totalkolesterol, LDL- og HDL-kolesterol og triglyserid. Dersom pasienten har lipidverdiar som vist i tabellen under, bør det utførast ei total risikovurdering. Oppdatert november 2024 av Paul Kjetel Soldal Lillemoen

Når er lipidverdien for høg?   

​Totalkolesterol​

≥5 mmol/L
​LDL-kolesterol ​≥3 mmol/L
​HDL-kolesterol
≤1 mmol/L (menn)
≤1,2 mmol/L (kvinner)
​Triglyserid
≥1,7 mmol/L (fastande)
≥2 mmol/L (ikkje-fastande)
 

Treng pasienten faste før prøvetaking?

Nei. Standard lipidprofil kan målast i ikkje-fastande prøve, men dersom triglyseridnivået er > 4,0 mmol/L bør dette kontrollerast i fastande prøve. 

Kva er behandlingsmål for LDL-kolesterol?

I norske retningslinjer er rettleiande behandlingsmål som vist nedanfor:  

  • Låg risiko: 30–40 % reduksjon eller til under 3,0 mmol/L 
  • Diabetes eller moderat/høg risiko: < 2,5 mmol/L 
  • Etablert hjarte- og karsjukdom: < 1,8 mmol/L 

Europeiske retningslinjer har lågare behandlingsmål, sjå denne lenka.​ 

Kva andre lipidanalys​ar kan vera aktuelle?

Apolipoprotein B (ApoB) er det primære apolipoproteinet i LDL, IDL og VLDL. ApoB kan ifølgje norske retningslinjer gje tilleggsinformasjon ved metabolsk syndrom med normalt LDL-kolesterolnivå og ved mistanke om familiær kombinert hyperlipidemi. I europeiske retningslinjer er det anbefalt å analysere ApoB ved diabetes mellitus, overvekt, metabolsk syndrom, høgt triglyseridnivå (2–​10 mmol/L) eller ved svært låge LDL-kolesterolnivå, sidan LDL-kolesterolnivået i desse tilfella kan underestimere risikoen for hjarte- og karsjukdom.  

 

Lipoprotein(a) er eit LDL-liknande lipoprotein som gjev ein tilleggsrisiko for hjarte- og karsjukdom. Lp(a)-konsentrasjonen er i stor grad genetisk bestemt og dermed svært arveleg. EAS/ESC-retningslinjene anbefaler å få målt Lp(a) minst ein gong i løpet av livet for å identifisere personar med veldig høge arvelege Lp(a)-nivå, sidan dei har svært høg risiko for å utvikle kardiovaskulær sjukdom. Dette er ikkje anbefalt i norske retningslinjer, men måling av Lp(a) bør som eit minimum vurderast ved førekomst av prematur hjarte- og karsjukdom i nær familie (før 55 års alder hos menn og før 65 års alder hos kvinner). 

Når skal pasienten utgreiast for familiær hyperkolesterolemi?

Gentest bør vurderast dersom LDL-kolesterol eller total-kolesterol er over aksjonsgrensene i tabellen under. Gentest vert utført av OUS-Ullevål. 

Aksjonsgrenser for gentest
Total-kolesterol​

≥ 6 mmol/L (alder < 20 år) 

≥ 7 mmol/L (20-40 år)  

≥ 8 mmol/L (> 40 år) 


LDL-kolesterol

> 4 mmol/L hos barn (< 16 år) 

​> 5 mmol/L hos vaksne (> 16 år)  

Kvifor fortel ikkje referanseområdet om eit optim​​alt nivå? 

Referanseområdet  fortel kva måleresultat ein forventar å finne i ein normalpopulasjon, dvs. kva lipidnivå me finn hos 95 % av antatt friske personar. Sidan mange antatt friske likevel kan ha auka risiko for kardiovaskulær sjukdom, gjev ikkje referanseområda informasjon om kva som er optimale eller trygge lipidnivå. ​ 

Referansar:

 
Maŋemus ođastuvvon 2024-12-06