Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Spormetallmangel og forgiftning

Sporelement er grunnstoff som finst i svært låge konsentrasjonar i menneskekroppen. Laboratoriet kan analysera ei rekkje ulike sporelement, både i rutinedrift, ved spesielle casar og i forsking.

Revidert av overlege Paul Kjetel Soldal Lillemoen (23. mai 2024).

Sporelement finst i låge konsentrasjonar, men kan likevel ha stor effekt. Me skil typisk mellom essensielle sporelement som kopar, selen og sink og toksiske miljøgifter som bly, kadmium og kvikksølv, men i høge konsentrasjonar er alle sporelementa toksiske. Til dømes har selen eit smalt vindauge mellom mangel og toksisk nivå.

Laboratoriet kan analysera ei rekkje sporelement i ulike prøvemateriale, som serum, fullblod og urin. Sjå analyseoversikten.no for informasjon om rutineanalysane ved laboratoriet og brukerhandboken.no for detaljert bakgrunnsinformasjon om dei ulike sporelementa. Ved behov for andre sporelementanalysar kan laboratoriet kontaktast. Per dags dato har laboratoriet ikkje instrumentering for spesiering av sporelement (t.d. for å skilja mellom uorganisk og organisk kvikksølv og arsen), men ta likevel kontakt med laboratoriet dersom dette er ynskjeleg (sidan me kan då vurdera å utvida analyserepertoaret vårt på sikt).

Indikasjonar for prøvetaking er mistanke om unormal eksponering, sporelementforgifting, ernæringssvikt, parenteral ernæring, organsymptom som ikkje er forklart på annan måte eller (mistanke om) bestemte tilstandar assosiert med avvikande sporelementnivå, som dårleg sårtilheling (sink), acrodermatitis enteropathica (sink), Wilsons eller Menkes sjukdom (kopar), hemodialyse (aluminium), tubulær proteinumi (kadmium) og metall-mot-metall-hofteproteser (krom, kobolt).

Spormetallmangel

Essensielle spormetall er spesifikke for bestemte funksjonar, det vil si at eit essensielt sporelement ikkje kan erstattast av noko anna stoff. Sporelementa inngår i enzym og andre protein, nokon har ein redoksfunksjon (t.d. jern og kopar), andre kan vera substratbindande (t.d. sink). Den homeostatiske balansen er regulert ved hjelp av feedback- og transportmekanismar. Målte konsentrasjonar i serum, blod eller urin ligg innafor snevre grenser og reflekterer ikkje nødvendigvis kroppens totale innhald av sporelementet.

Mangel på essensielle sporelement er vanlegvis på grunn av mangelfullt kosthald, parenteral ernæring eller sjukdomar som påverkar absorpsjonen frå tarm. Mangeltilstandar kan manifestera seg i mange organ og gjev ofte uspesifikke symptom.

Spormetallforgiftning

Låggradig eksponering for toksiske metall kan gje uspesifikk påverknad av nervesystem, nyrer og andre organ. Kognitive funksjonar kan verta påverka, særleg hos barn. Akutte forgiftingar er sjeldne. Laboratoriet analyserer rutinemessig bly, kadmium og kvikksølv i fullblod og kadmium og kvikksølv i urin samt aluminium i serum.

Også essensielle sporelement kan gje forgifting ved høg eksponering og/eller akkumulering i kroppen; ved Wilsons sjukdom akkumulerer kopar og ved hemokromatose akkumulerer jern.

Maŋemus ođastuvvon 2024-05-29