Indikasjonar for å vurdere blodutstryk
Hovudindikasjonen for å rekvirere blodutstryk er klinisk eller biokjemisk mistanke om leukemi.
Fagleg oppdatert av legane Paul Kjetel Soldal Lillemoen, Kristin Varsi og Anne-Lise Bjørke Monsen (22.11.2022)
Indikasjonar for å vurdere blodutstryk
I primærhelsetenesta er rekvirering av blodutstryk først og fremst aktuelt ved mistanke om leukemi.
Laboratoriet vurderer fordelinga av kvite blodceller på alle prøvar som blir analysert på hematologiinstrument (hematologisk cytogram). Laboratoriet vil i tillegg sjå på blodutstryk ved følgjande forhold (for barn gjeld eigne kriterium, sjå analyseoversikten.no):
- Blastmelding frå instrumentet.
- Førstegongs leukocyttar >= 30 x 109/L utanom ved infeksjon.
- Mistanke om låggradig lymfoproliferativ sjukdom, dvs. lymfocytose > 5,0 x 109/L hos person > 40 år.
- Førstegongs eosinofili > 2,0 x 109/L.
- Mistanke om mikroangiopati, dvs. varsel om fragmenterte, raude blodceller og samstundes anemi og/eller trombocytopeni.
Desse kriteria bestemmer også om lege ved MBF skal vurdere utstryk rekvirert av lege i primærhelsetenesta. Blodutstryk blir ikkje vurdert ved lette/moderate avvik i celletal og samtidig normalt hematologisk cytogram. Ved vurdering av blodutstryk er det leukocyttane som i hovudsak blir vurdert.
Tiltak ved mistanke om alvorleg hematologisk sjukdom
Ved mistanke om akutt leukemi, mikroangiopati eller alvorleg eosinofili blir hematolog kontakta for vidare avklaring og utgreiing.
Ved mistanke om kronisk myeloid leukemi, myelodysplasi eller enkelte andre hematologiske tilstandar blir utstryket sendt til vurdering hos hematolog. Rekvirenten vil få skriftleg svar i løpet av vanlegvis 1–2 veker.
Ved mistanke om låggradig lymfoproliferativ sjukdom/KLL (kronisk lymfatisk leukemi) vil lege ved MBF kommentere utstryket.
Maŋemus ođastuvvon 2022-12-27