Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Antikoagulantia og vurdering av antikoagulasjonsgrad

Monitorering av antikoagulasjonsgrad er heilt nødvendig ved behandling med warfarin og ufraksjonert heparin på grunn av stor variasjon i dosebehovet, både mellom personar og innan same person over tid. Ved bruk av andre legemiddel (f.eks lågmolekylært heparin (LMWH) eller direkte perorale antikoagulantia (DOAK) (dabigatran, rivaroksaban, apiksaban eller edoksaban)) er rutinemessig monitorering ikkje nødvendig pga ein meir forutsigbar effekt. Det kan imidlertid vere aktuelt med måling av antikoagulasjonsgrad ved bruk av desse legemidla hos enkelte pasientar (f.eks ved nedsett nyrefunksjon) eller i visse situasjonar (f.eks før kirurgi, ved akutt nyresvikt eller bløding under behandling).

Av overlege Ann-Helen Kristoffersen 

Antikoagulantia der antikoagulasjonsgrad skal analyserast regelmessig:

Warfarin (Marevan) 

Peroral hemmer av produksjon av dei vitamin K avhengige koagulasjonsfaktorane II, VII, IX og X. Warfarinbehandling skal monitorerast regelmessig med analysen INR. Terapeutiske områder som ofte blir brukt er 2.0 – 3.0 (målverdi 2.5) eller 2.5 – 3.5 (målverdi 3.0). Terapeutisk målverdi er avhengig av indikasjon og blødings- og tromboserisiko (andre målverdiar kan vere aktuelle ved f.eks ulike typar mekaniske hjerteklaffar).

Ufraksjonert Heparin (UH)

UH blir gitt som intravenøs infusjon eller subcutan injeksjon og hemmar hovudsakelig faktor IIa og Xa via binding til antitrombin (indirekte hemming), men hemmar og andre koagulasjonsfaktorar. UH skal monitorerast regelmessig. Monitorering blir utført ved analysering av APTT eller ACT (pasientnær analyse). Anti-Xa analysen (kalibrert med heparin)1 kan vere nyttig ved for eksempel auka APTT eller ACT før oppstart av behandling eller uventa stor eller liten auke i APTT/ACT etter oppstart av behandling med UH. Redusert nivå av antitrombin eller akuttfase/inflammasjon kan gi redusert nivå av APTT/ACT i forhold til mengde UH gitt, medan koagulasjonsfaktormangel (arveleg eller erverva) kan gi auka APTT/ACT.

Terapeutisk område for UH er avhengig av indikasjon, blødings- og tromboserisiko. APTT/ACT terapeutisk område er og avhengig av kva for eit reagens/metode som blir nytta ved analysering.

Antikoagulantia der antikoagulasjonsgrad til vanleg ikkje skal analyserast regelmessig

Lågmolekylært heparin (LMWH) 

Dalteparin (Fragmin), enoxaparin (Klexane), tinzaparin (Innohep).

LMWH blir gitt ved subcutan injeksjon (sc) og hemmar hovudsakelig faktor Xa og i varierande grad faktor IIa. LMWH skal normalt ikkje monitorerast. Det kan vere indisert å måle antikoagulasjonsgrad i enkelte tilfelle som for eksempel hos barn, gravide eller svært over- eller undervektige eller ved nedsatt nyrefunksjon for å sjekke om terapeutisk dose blir oppnådd eller for å vurdere fare for akkumulering (auka risiko for bløding). Ved monitorering blir anti-Xa aktivitet (kalibrert med heparin)1 nytta. Analysering er kun aktuelt ved terapeutisk dosering, ikkje profylaktisk. Prøve må takast ca 4 timar etter sc injeksjon. Terapeutisk område ved x 2 dgl dosering: Anti-Xa aktivitet 0.5 – 1.0 IU/mL og ved x 1 dgl dosering: Anti-Xa aktivitet 1.0 – 1.5 IU/mL. Ved mistanke om akkumulering; ta prøve rett før neste injeksjon.

Dabigatran etexilate (Pradaxa)

Dabigatran er ein peroral hemmer av faktor IIa (trombin). Dabigatran skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering kan APTT og INR vere nyttig. APTT aukar med aukande dabigatrankonsentrasjon inntil eit «platå» der APTT ikkje aukar meir. Normal APTT gjer overdosering med dabigatran lite sannsynlig, men kan sjåast ved både lav og terapeutisk konsentrasjon. INR aukar oftast ikkje før ved høge konsentrasjonar av dabigatran. Spesifikke analysar for konsentrasjonsmåling av dabigatran er ikkje tilgjengeleg i Noreg. Normal trombintid (TT) tyder på lav eller ingen konsentrasjon av dabigatran i blodet.

Rivaroksaban (Xarelto)

Rivaroksaban er ein peroral hemmer av faktor Xa. Rivaroksaban skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering er APTT og INR vanskeleg å tolke3. Spesifikke analysar for vurdering av konsentrasjon er etablert ved OUS (anti-Xa aktivitet kalibrert med rivaroksaban) og ved St.Olav i Trondheim (konsentrasjonsmåling). Sjå Farmakologiportalen for informasjon. Normalt resultat for anti-Xa aktivitet kalibrert med LMWH1 tyder på lite eller ikkje noko rivaroksaban i prøven, men kan ikkje nyttast til å bestemme konsentrasjon av rivaroksaban.

Apiksaban (Eliquis) 

Apiksaban er ein peroral hemmer av faktor Xa. Apiksaban skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering er APTT og INR vanskeleg å tolke3. Spesifikke analysar for vurdering av konsentrasjon er etablert ved OUS (anti-Xa aktivitet kalibrert med apiksaban) og ved St.Olav i Trondheim (konsentrasjonsmåling). Sjå Farmakologiportalen for informasjon. Normalt resultat for anti-Xa aktivitet kalibrert med LMWH1 tyder på lite eller ikkje noko apiksaban i prøven, men kan ikkje nyttast til å bestemme konsentrasjon av apiksaban.

Edoksaban (Lixiana) 

Edoksaban er ein peroral hemmer av faktor Xa. Edoksaban skal til vanleg ikkje monitorerast, men kan vere aktuelt i enkelte situasjonar2. Ved mistanke om overdosering er APTT og INR vanskeleg å tolke3. Spesifikke analysar for vurdering av konsentrasjon er etablert ved St.Olav i Trondheim (konsentrasjonsmåling). Så Farmakologiportalen for meir informasjon. Normalt resultat for anti-Xa aktivitet kalibrert med LMWH1 tyder på lite eller ikkje noko apiksaban i prøven, men kan ikkje nyttast til å bestemme konsentrasjon av edoksaban.

Anti-Xa aktivitet kan kalibrerast enten med UH eller med LMWH eller ein kombinasjon av UH/LMWH som kan nyttast uavhengig av om det er UH eller LMWH pasienten blir behandla med. Obs: Terapeutiske område for dei to legemidla er ulike. For meir informasjon om anti-Xa aktivitet , sjå analyseoversikten.no (Anti-Xa Lavmolekylært heparin og Anti-Xa Ufraksjonert heparin).

2 Indikasjonar der det kan vere aktuelt å analysere antikoagulasjonsgrad ved bruk av DOAK: Ved alvorleg bløding, før prosedyrar/kirurgi (spesielt akutte eller ved redusert nyre- eller leverfunksjon), ved mistanke om overdosering/akkumulering, ved nedsett nyre- eller leverfunksjon eller samtidig behandling med legemiddel som hemmer nedbryting/utskillelse av antikoagulantia (fare for akkumulering) eller ved inntak av høge dosar (intoksikasjon).

3 APTT og INR kan vere heilt normale både ved terapeutisk og høg konsentrasjon (overdosering) av rivaroksaban, apiksaban og edoksaban, og er difor vanskeleg å tolke. Normal INR gjer overdosering med rivaroksaban eller edoksaban mindre sannsynleg, men kan ikkje nyttast for apiksaban. Dersom APTT og INR først er kraftig forlenga kan det tyde på overdosering med eit av desse legemidla, evt. koagulasjonsfaktormangel eller kombinasjon av fleire ulike antikoagulantia i blodet.  

Referansar  

www.dmp.no Antikoagulasjonsmidler accessed 28.05.24

Farmakologiportalen.no

Kristoffersen AH et al. Monitorering av ufraksjonert heparin. Tidsskr Nor Legeforen 2022 Vol. 142. doi: 10.4045/tidsskr.21.0912

Sandset PM og Reikvam Å. Warfarinbehandling i praksis. Legeforeningen 2010.

Maŋemus ođastuvvon 2024-08-20