-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Lab-info
Nyheitsbrev frå laboratoria i Helse Bergen
Informasjon frå laboratoria i Helse Bergen blir sendt elektronisk for å informere om endringar eller nyheiter frå våre laboratorieavdelingar som helsepersonell har nytte av. Lab-info blir publisert på nettsida Analyseoversikten, og blir i tillegg sendt ut elektronisk til dei som meld seg på vårt nyheitsbrev.
Sjå aktuelle Lab-info i Analyseoversikten og meld deg gjerne på vårt elektroniske nyheitsbrev.
Påmelding gjerast på følgjande måte i Analyseoversikten:
- Skriv inn e-postadressa du ønskjer å motta nyhetsbrev til.
- E-post blir sendt umiddelbart frå Analyseoversikten til den oppgitte adressa. Trykk "Bekreft din e-postadresse" i denne e-posten.
- Du blir vidare sendt til Analyseoversikten - trykk "Bekreft".
Påmeldinga er ferdig registrert!
Hugs å sjekke andre filter i e-postboksen dersom du ikkje mottek epost frå analyseoversikten@helse-bergen.no i innboksen!
Dersom ein ikkje lenger ønskjer å motta nyheitsbrev, er det enkelt å melde seg av nyheitsbrevet. Lenke for avmelding følgjer med i kvart nyheitsbrev.