Vi har tett samarbeid med din lokale helsestasjon
Har du nettopp fødd? Vi samarbeider tett med jordmødrer og helsesjukepleiarar på helsestasjonane. Når du drar frå sjukehuset etter fødselen, sender vi alltid ei melding til helsestasjonen om at du har fødd. Helsestasjonen i kommunen du bur i er eit tilbod til alle barn frå 0-5 år og foreldra.
På helsestasjonen arbeider det jordmødrer, helsesjukepleiarar, legar og fysioterapeutar. Nokre helsestasjonar har tilknytt psykolog.
Les meir om helsestasjonen i din heimkommune – om opningstider og kontaktinformasjon på din helsestasjon sine nettsider:
Maŋemus ođastuvvon 2024-08-20