Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Spør Dina

Er du gravid og har fått diabetes i svangerskapet? Då er det kanskje mange ting du lurer på. Vi håpar at Dina kan gi svar på nokre av spørsmåla dine.

Dina er ein robot utvikla av helsepersonell frå Kvinneklinikken og Bergen kommune. Ho har mykje kunnskap om svangerskapsdiabetes, men er framleis under opplæring. Dina blir klokare kvar gong ho får spørsmål. Ho er nysgjerrig og rask til å lære seg nye ting. Du vil vere anonym når du spør Dina.

 

Grafisk illustrasjon av chatboten Dina med lenke til selve chatboten.

 

Chat med Dina!

Ein aukande andel gravide får diagnosen svangerskapsdiabetes, ein tilstand som krev tettare oppfølgjing og ofte livsstilsendring hjå mor. Tilgang på oppdatert informasjon om kosthald, behandling, helsekontrollar og fødetilbud er viktig og styrker den gravide sin kunnskap om eigen helse. 

Det ble derfor etablert eit innovasjonsprosjekt for gravide med svangerskapsdiabetes, med midlar frå Helse Vest og Helse Bergen i 2017. 
Kontaktpersonar i prosjektfasen var Agnetehe Lund (overlege ved Kvinneklinikken) og Synnøve Olset (spesialkonsulent ved Helse Vest IKT), med Bergen kommune som samarbeidspartnar. 

Dina ble lansert på kvinnedagen den 18.03.2018 og var då landets fyrste helse-chatbot. Dina er også på Helsenorge.no. 

 

 


 

​​​

Dina vidareutviklast framleis av jordmødre frå Kvinneklinikken og Bergen kommune i samarbeid.          ​

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-11-12