Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Brukarundersøking om fødsels- og barselomsorga ved Kvinneklinikken

Har du fødd eit barn på Haukeland universitetssjukehus i løpet av dei siste 6 månadane? Då inviterer Kvinneklinikken deg til å delta i ei spørjeundersøking der du kan dele erfaringane dine.

En mann og kvinne med en baby

Formålet og omfang 

Kvinneklinikken ønsker å kartlegge erfaringa til dei fødande, og kor tilfredse dei er med fødsels- og barselomsorga dei mottok i forbindelse med fødselen. Tilbakemeldingane vil bli brukt til å identifisere forbetringsområde og utvikle fødsels- og barselomsorga vidare. 
 
Invitasjon til å delta i den frivillige og anonyme spørjeundersøkinga blir sendt på SMS til kvinner som fødde for 6 månader sidan. Dei første sms-ane  blir sendt ut i desember 2023, og kvar månad gjennom heile 2024 vil nye kvinner få sms. Det betyr at alle kvinner som har født ved Kvinneklinikken i Bergen i tidsrommet juni 2023 til og med mai 2024 vil få invitasjon til å delta i undersøkinga. Slik får Kvinneklinikken tilbakemelding frå både dei som har fødd i Gamle Kvinneklinikken og dei som har fødd i dagens Kvinneklinikk i Glasblokkene. 

Anonymitet

Alle data i denne undersøkinga vil vere anonyme, noko som inneber at det ikkje vil vere mogleg å identifisere tilbakemeldingar frå den enkelte kvinne. Resultata frå undersøkinga vil bli presentert på gruppenivå, det vil seie at vi får ein oversikt over kva erfaringar heile populasjonen av kvinner som har fødd på KK har med fødsels- og barselomsorga.

Kva inneber brukarundersøkinga for deg?

Brukarundersøkinga blir sendt til deg på SMS. Det tar om lag 5-10 minutt å svare på eit spørjeskjema med om lag 50 spørsmål som kartlegg erfaringane dine med fødsels- og barselomsorga du mottok då du fødde. Undersøkinga kartlegg kor tilfreds du er innanfor desse områda: 
Relasjon til helsepersonell, informasjonen du mottok, rammer og organisering, medverknad og ivaretaking av partnar. 
Ved å delta får du sjansen til å påverke fødsels- og barselomsorga ved Kvinneklinikken i Bergen.

Kva skjer med opplysningane om deg?

Innsamla data blir lagra og analysert internt på kvalitetsserveren i Helse Bergen. Resultata vil bli presentert som rapport til leiinga ved Kvinneklinikken med mål om å identifisere forbetringsområde ved omsorga. Kvinneklinikken har som mål å formidle resultat frå undersøkinga til sine tilsette, brukarpanelet ved KK og kommunehelsetenesta. Vidare kan resultat frå undersøkinga inngå i framtidige masteroppgåver med moglegheit for å publisere resultat i tidsskrift. Etter at brukarundersøkinga er ferdig, vil data bli oppbevart i fem år av kontrollomsyn.  

Maŋemus ođastuvvon 2023-12-19