Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Gåver og donasjonar

Kreftavdelinga har på forespørsel tilrettelagt for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Du kan enten gi til kreftforsking eller til velferd for kreftpasientar og pårørande. Merk innbetalinga som nemna under fordi vipps og konto er Helse Bergens felles gåvekonto.

Gåver Helse Bergen,
Postboks 1400
5021 Bergen
Konto nr: 1506 91 02856
VIPPS: 542516 - Gaver Helse-Bergen
OBS: Innbetaling må merkast med A-10489-D10298. Viss det er ei minnegåve blir me takksame om de merkar med namnet til den som har gått bort.

Formål:

Gåver til kreftforsking går inn i eit vitskapleg fond for å fremje forsking, med vektlegging av god kvalitet i prosjekta. Fondet gir støtte til klinisk og eksperimentell kreftforsking.

Organisering:
Fondet har eit styre beståande av fire overlegar, seksjonsleiar for stråleterapi, seksjonsleiar for medisinsk fysikk og sjukepleiefagleg ansvarleg. Tildeling skjer utifrå gjeldande vedtekter og på bakgrunn av skriftlege søknader til styret.

Rekneskapen blir revidert av økonomiavdelinga ved sjukehuset.
Gåver til kontoen gir rett til skattefrådrag for gjevar.


For å få dette frådraget, må ein oppgje

  • Namn
  • Personnummer
  • Bustadadresse

Dette sender ein til Kreftavdelinga v/ stabssekretær Bjørg Algerøy.
Rekneskapsavdelinga vil då sørgje for at beløpet blir innrapportert til likningsmyndighetene.

Kontaktperson:
Stabssekretær Bjørg Algerøy, tlf 55972070 

Les om avdelingens forskningsaktivitet.

Helse Bergen,
Postboks 1400
5021 Bergen
Konto nr. 1506 91 02856​
VIPPS: 542516 - Gaver Helse-Bergen
OBS: Innbetaling må merkast med A-10490-D10387. Viss det er ei minnegåve blir me takksame om de merkar med namnet til den som har gått bort.

Føremål:
Pengane skal nyttast til å gjere opphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga. Tusen takk.

Organisering:
Styringsgruppa for pasientvelferd, består av representantar frå seksjonar ved  avdelinga, har delegert myndigheit frå avdelingssjefen til å disponere midlane. Midlane blir fordelt på bakgrunn av søknadar frå seksjonane. Rekneskapen blir revidert av økonomiavdelinga ved sjukehuset.

Kontaktperson:
Leiar av utvalet
Lilly Vinje
lilly.vinje@helse-bergen.no​​

Maŋemus ođastuvvon 2024-01-09