Barn som pårørande
Kreftavdelinga har dei siste åra satsa mykje på å inkludere barn og ungdom som har sjuk mor eller far i avdelinga. Vi har lagt vekt på å gjere seksjonane barnevennlege.
På sengepostane og poliklinikken er det ressurspersonar som har dette som eit spesielt ansvarsområde.
Dei er med i ei etablert ressursgruppe for Barn som pårørande. Eit av fokusområda for denne gruppa er å utarbeide gode rutinar og arbeidsreiskap for å inkludere barn og ungdom.
Vi har nå etablert eit tilbod om Familiesamtaler. Dette har vi gode erfaringar med. Personalet har eit tett samarbeid med Kreftforeininga.
PowerPoint-presentasjon om barn som pårørande
Brosjyre: Kreftavdelingen ønsker barn og ungdom velkommen til avdelingen
Brosjyre: Kreftavdelingen ønsker barn og ungdom velkommen til avdelingen (polsk versjon)