Kjeve- og tannoperasjon
Fasting før og måltid etter operasjon
Her finn du informasjon om fasting før operasjon og måltid etter operasjon.
Før operasjon i narkose, faster du frå midnatt kl. 24.00. Du kan ikkje ete, drikke, røyke, snuse, bruke drops, tyggegummi o.l. etter denne tid.
Du kan drikke klare drikker inntil 2 timar før operasjon. Klare drikker er 1-2 glass med vatn, saft, brus, te, eplejuice.
Før du møter til operasjon, pussar du tenner som vanleg.
Dersom ikkje andre beskjeder er gitt, kan du drikke 2 timar etter operasjonen er avslutta. Du kan forsiktig begynne med vatn, saft, juice og næringsdrikker. Det er viktig å vere forsiktig med varm mat og drikke det første døgnet etter operasjonen.
Nøyaktig informasjon om ernæring, vil du få av sjukepleiar / lege. Det vil vere ulike råd ift. operasjonen du har gjort.