Personalet består av overlege, spesialsjukepleiar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut, musikkterapeut, psykolog, prest og sekretær.
Vi arbeider målretta med:
- symptomkartlegging
- å komme raskt i gang med god symptomlindring
- åndeleg og eksistensiell støtte
- å ta vare pårørande
- bistand til planlegging av oppfølging i heimen eller på institusjon, og samhandling med fastlege, kommunehelsetenesta eller andre samarbeidspartnarar
Vi planlegg utreise i nært samarbeid med pasient, pårørande og helsepersonell i primærhelsetenesta. Opphaldet er målretta og tidsavgrensa. Nokon gonger er det slik at pasientar avsluttar livet sitt på avdelinga vår.
Skal du tilvisast avdelinga vår er det fastlege eller behandlande lege som gjer dette.
Maŋemus ođastuvvon 2024-08-09