Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Til deg som har barn på Brannskaden

Barnet har rett på å ha ein føresett hos seg under heile opphaldet hos oss. Vi er her for å ivareta både barnet ditt og deg som forelder, og ønskjer å gjere opphaldet så komfortabelt som mogleg i denne perioden. Her har vi samla ein del informasjon som er aktuell for deg som har barn hos oss.

Helsepersonell og en brannskadet unge står på lekerommet

Hos oss vil du møte sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar, anestesisjukepleiarar, plastikkirurgar, anestesilegar, fysioterapeutar, reinhaldsmedarbeidarar, postskeretærar og portørar.

Opphaldets varigheit vil variere avhengig av skadeomfang. Dei vanlegaste formene for brannskadar hos barn er skåldingsskade og kontaktskade. Andre typar skade er flamme-, elektriske- og kjemiske skader.

 

På denne sida finn du informasjon til dei som skal på besøk på brannskaden.

Sårstell av barn, Sjukepleiar blåser såpebobler for barnet
Sårstell med såpeboblar

 

 

Under opphaldet vil barnet ha behov for gjentatte sårstell. Dei blir utført både med og utan narkose. Det vil bli tatt fortløpande vurdering av kva akkurat ditt barn har behov for. 

Bandasjer  

Det er ei rekke ulike bandasjer som kan bli brukt, avhengig av skadedybde og lokasjon. I mange tilfelle vil ein gjere ei  ny vurdering av skaden 1-2 døgn etter første undersøking. Vi forsøker stort sett å behandle skaden utan kirurgi. Bandasjer som oftast brukt er sølvbandasjar som har antimikrobiell effekt. Denne bandasjen kan ligge på til såret er hela etter 14-17 dagar, med inspeksjon inntil sølvbandasjen etter 7 dagar. 

Hudtransplantasjon  

Ved dupere brannskadar vil det ofte være behov for en hudtransplantasjon på et eller annet tidspunkt. Da blir barnet behandla på operasjonsstua i 1. etasje. Etter omlag 5 dagar har vi første sårstell etter en hudtransplantasjon. Det blir gjort i narkose på Brannskadeavdelinga. Her kan du lese meir om hudtransplantasjon.

Sårstell i narkose 

Når barnet skal ha sårstell i narkose, må det faste på førehand  

Fastetidene er som følger:  

  • Klare væsker (vann, saft, juice) - 1 time  
  • Morsmelk og morsmelkerstatning – 4 timer  
  • Banan og yoghurt – 4 timer  
  • Øvrig mat/kumelk - 6 timer  

Etter narkosen er det viktig at barnet får fred og ro til å “sove ut rusen”. Du som føresett kan være saman med barnet ditt, men unngå stimuli som berøring og prating så lenge barnet søv. 

 

Sårstell med Midazolam  

Etter kvart kan barnet få eit avslappande middel kalla midazolam, enten som nesespray eller som drikke. Da blir barnet roleg, men er vaken, pustar sjølv og vil gjerne sitte og leike i fanget til den føresette under sjølve sårstellet. Nokre gonger ber vi dykk om å halde barnet fastande før eit slikt stell, i tilfelle vi ser at det blir behov for narkose undervegs i sårstellet.  

EMLA-krem/plaster  

Ein bedøvande krem/plaster som tar vekk mesteparten av smertene ved stikk, blir lagt på etter avtale med BSA, på den eine handflata, og enten inne i olbogen eller nede på utsida av den eine foten. 

Målet er at mot slutten av opphaldet kan vi gjennomføre sårstell utan at barnet trenger noko form for medisinar. 

Då kan føresette få delta i stellet. Det er ikkje uvanleg at barnet kan reise frå Brannskadeavdelinga sjølv om barnet framleis har et lite sår. Derfor er det viktig at omsorgspersonen(e) er komfortabel med å utføre sårstell på eigenhand. 

Her kan du lese meir om sårstell etter brannskade.

Et barn som leker med hendene i et vaksefat
Sårstell og leik

Det er naturleg at barnet vegrar seg frå å bevege seg når det har sår og bandasjar. Bevegelse vil ikkje medføre skade og vi anbefalar at de leiker med barnet og stimulerer til normal aktivitet. La barnet være et barn!  

Fysioterapi er ein viktig del av brannskadebehandlinga. Brannskadar kan føre til stram hud som igjen kan føre til stivheit i ledd - altså nedsett bevegelse og funksjon.  Fysioterapeuten kan hjelpe med å finne tiltak som motverker dette.  

Skinnebruk  

Barn med handskader vil etter kvart få tilpassa skinner ved behov. Dette er for å førebygge feilstillingar og få strekk på arra. De vil få informasjon og opplæring i bruk av skinne tilpassa barnet sin situasjon når dette blir aktuelt.  

Kompresjon 

Sår som gror innan 2-3 veker utviklar som regel ikkje arr. Ved transplantasjon av delhud og lengre tilhelingstid kan det utvikle seg arr. Det kan da bli aktuelt med bruk av kompresjonsplagg i opp til 1-2 år. Kompresjonsbehandlinga vil førebygge arrhypertrofi og stram hud, og kan hjelpe på kløe. De vil få oppfølging av fysioterapeut i behandlingsforløpet, både under innlegging og etter utskriving. Kompresjonsplagg er det  fysioterapeut som bestiller. De vil få tilsendt nye plagg i takt med at barnet veks. Kompresjonsplagg skal brukast heile døgnet med unntak ved vask og smøring av huda. 

Her kan du lese meir om fysioterapi etter brannskade

Mat og drikke vil føresette høyre oss prate mykje om. For at ein brannskade skal gro og tilhelast optimalt, er ein avhengig av at barnet for god og nok næring. Dersom det blir aktuelt, vil vi be om at føresette fører logg over kva barnet et og drikk, samt å vege bleiene. Dersom barnet ikkje klarer å ta til seg tilstrekkeleg mat og drikke, vil vi legge ned ein ernæringssonde via nasen til magesekken, og eventuelt gi intravenøs væske  i tillegg.

Så lenge det er behov for det, får barnet og ein omsorgsperson mat inn på pasientrommet. Når barnet er i form til det,  kan de ete måltida i spisestua vår. Her kan ein også få mellommåltid og snacks ved behov. Gi oss beskjed ved spesielle diettar. Avdelinga har eit lite kjøleskap på opphaldsrommet som er disponibelt til pasientar, dersom en vil kjøpe noko mat/drikke sjølve.  

Måltida i spisestua blir servert til følgande tider:

Frukost 08:00 - 09:00  

Lunsj 12:00 - 13:00  

Middag 15:30 - 16:30  

Kvelds 19:30 - 20:30 

Det er viktig at både føresette og besøkande følger våre rutinar for god hygiene for å unngå unødvendige infeksjonar hos barnet:

  • Handhygiene: Du kan enten sprite hendene i 20 sekunder, eller vaske hendene med såpe og rennande vatn i 40 sekunder.
  • Hald deg heime dersom du har feber, oppkast, eller diaré. Spør personalet dersom du er forkjøla.
  • Det er ønskeleg at pasientrommet og leikerommet er ryddig. Bruk skap og nattbordet på pasientrommet til personlege eigendelar framfor å legge ting i vindaugskarmen eller på golvet.
  • Vi er behjelpelig med klesvask ved behov. Det finnest også eit vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel i kjelleren på pasienthotellet.

Når barnet blir innlagt hos oss og det er forventa at opphaldet vil vare ei stund, skaper det gjerne usikkerheit om kva økonomiske utfordringar det kan gje. Vi har derfor tilbod om tilvising til sosionom,  som kan rettleie i økonomiske spørsmål som oppstår i samband med opphaldet på sjukehuset.  

Pleiepengar

Føresette med rett til sjukepengar har rett til pleiepengar fra NAV under sykehusoppholdet.

Parkeringskort

Ved langvarig opphald (>7 dager) har føresette rett til redusert pris på parkering. Ta kontakt med sekretær for å få rett skjema, som ferdig utfyllt leverast til resepsjonen i Sentralblokka.

Pasientreiser

Etter 14 dagar kan ein føresett få dekka ei heimreise per veke. Den blir dekka i etterkant. Skjema og kvittering skal sendast til pasientreiser (tlf 91505515) via Helsenorge.no.

Dekking av opphald

Sjukehuset dekker opphaldet (anten i avdelinga eller på pasienthotellet) og mat for ein omsorgsperson til barn under 18 år.

Barneforsikring

Ta kontakt med ditt forsikringsselskap for informasjon om kva dykkar forsikring dekker.

Det er tøft for eit barn og for dei rundt å gjennomgå ein brannskade. Vi gjer det vi kan for å unngå at barnet har smerter, men barnet vil likevel kjenne seg hemma i bevegelsar og ha ubehag på grunn av bandasjer og sår. Smerter skaper ofte frykt hos barn og det er viktig at alle rundt trygger barnet. Det er vondt for dei føresetteå sjå barnet sitt i ein slik situasjon. Mange kan kjenne på skuld og håpløsheit.

Det er viktig at både vi som helsepersonell, føresette og dei andre rundt barnet har forståing for at ulykker skjer, uansett kor godt ein passer på barnet. Vi har låg terskel for å tilvise til barnepsykolog/barnepsykiater, noko dei fleste føresette takkar ja til. Det kan være godt å prate med nokon som ikkje er i direkte pasientkontakt i det daglege. Pleiepersonalet er likevel også tilgjengeleg for samtale!

Ved heimreise  kan det dukke opp vanskelege følelsar knytt til situasjonen de har vore i gjennom. Ta omsyn til dykk sjølve og oppsøk hjelp ved behov. 

Klovner besøker et barn på brannskaden
Klovnar kan komme på besøk 

Her finn du informasjon om korleis det er å være barn eller ungdom på sjukehus, samt tips og råd til korleis du kan ha ei litt betre tid medan du er her.

Her er oversikt over ulike stader som bibliotek, kino, ungdomsrom, stader ein kan opphalde seg og aktivitetarein kan vere med på under sjukehusopphaldet.

Sjå oversikten her

Når barnets helse tillet det, kan de flytte over på pasienthotellet. De vil fortsatt vere innlagt hos oss og kommer dagleg til avdelinga for tilsyn og for å få nødvendige medikamenter og utstyr. Vi er tilgjengele på telefon 55 97 35 81 dersom de har spørsmål, eller har behov for å komme på eit ekstra tilsyn på avdelinga.

Det vil variere om de blir utskriven til heimen eller til lokalsykehus etter opphaldet på Brannskadeavdelingen. Det hender at vi mot slutten av behandlinga overfører barnet til lokalsjukehus for vidare behandling. Det skjer dersom det er hensiktsmessig for barnet.

Når de har kome heim, er det viktig å passe på den tilhela huda. Den nye huda er skjør ei stund etter den har grodd. Det kan oppstå blemmer og små kviseliknande nupper i den nye huda. Dette er heilt normalt og blir behandla som vanlege småsår. Bruk parfymefri hudkrem morgon og kveld og ei nøytral sepe ved dusj og bading. Unngå plagg som gnagar, strammar eller klør mot huda.  

Bruk solfaktor 50 og dekk til skadde område mot sola. Dette gjeld opp mot eitt år etter utskriving frå sjukehuset. 

Kløe: 

Kløe kan være plagsamt over lang tid. Ved behov får barnet resept på kløedempande medisin. Det kan dempe kløen å vere i aktivitet, å bruke kompresjon, og å sove i eit kjøleg rom. Kløen kan vere verst på kveld og natt. Dersom mogleg må ein unngå å klore på den nye huda. Klipp neglene korte.  

Kulde/varme: 

Nokre få pasientar kan bli plaga med endra kulde- og varmesensibilitet etter skaden. Ta kontakt med personalet på Brannskadeavdelinga dersom dette blir eit problem, så vil vi hjelpe til med vegen vidare. 

Arrbehandling: 

Arra vil forandre seg i løpet av det første året. Normal arrutvikling gjer at arra etter 3-4 månader ofte vil vere tjukkare og meir hissig raude. Dette er fordi arraktiviteten er på topp etter 3-4 månader. Arra vil gradvis modnast, og bli mjukare og bleikare etter dette. Ved plagsame arrstrengar og misfarga arr, kan ein få behandling med laserterapi eller sekveleoperasjon. 

Kontroll: 

  • Etter om lag 3 månader blir de kalla inn til Brannskadepoliklinikken for etterkontroll. Her får de informasjon om vegen vidare. 
  • Det kan være aktuelt med tidlegare kontroll, anten på video eller ved fysisk oppmøte. Dette får de informasjon om. Alle innkallingar kommer via "Helse Norge".

 

Ved oppstart i barnehage og skole: 

Barn er nysgjerrige og aksepterande av natur. Informer gjerne tilsette, foreldre og andre barn om kva som har skjedd, og kvifor barnet for eksempel brukar kompresjonsplagg, skinner, og har synlege arr. 

Alle større brannskadar vil har behov for oppfølging og etterbehandling for å sikre eit best mogleg sluttresultat. Her kan du lese meir om rehabilitering og etterbehandling.

 

Meistringsveke for brannskadde barn i alderen 9-13 år.
Det arrangeres ei Meistringsveke på Energisenteret. Det er eit fem dagars opphald med fokus på fysisk aktivitet og livsmeistring, fellesskap, heilheitlig behandling og integrering på heimstaden. Les meir om meistringsveka her: www.app-mestringsukene.youwell.no

Maŋemus ođastuvvon 2024-03-12