-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Karpodden
Karpodden er podkasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere.
Podkasten er produsert av dei flinkaste fagfolka i Helse Bergen HF innanfor karkirurgi og karsjukdom. Det meiner vi i alle høve sjølv.
Sjukdomar i blodårene er eit stort spekter av ulike tilstander. Frå heilt vanlege åreknutar, til sjeldnare og meir dramatiske diagnosar - og vi har som mål å få snakka om alle saman i Karpodden.
Vi som jobbar i spesialisthelsetenesta, altså sjukehusa, freistar å gjere det vi kan for å informere pasientane våre og samstundes halde oss sjølve oppdaterte på siste nytt i fagfeltet. Diverre er karsjuksom uhelbredelige sjukdomar, og kjem med stor last i livet, men kunnskap om sjukdomen gjere stort utslag både i førebygging av plager, og ikkje minst i alle dei viktige vala som ein som pasient må ta i behandlinga.
Karpodden er såleis meint både som folkeopplysning, fagleg påfyll til helsepersonell, men kanskje mest som pasientinformasjon til dei som allereie har fått ein diagnose.
Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, fagansvarlig er avdelingssjef og overlege i karkirurgi Espen Tyse Gubberud.
Maŋemus ođastuvvon 2024-08-26