Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Stomikomplikasjonar
Dei fleste lever greitt med stomien sin, men av og til kan det oppstå problem. Da er det viktig å vite kor ein kan få hjelp. Det er også viktig ikkje å vente med å søke hjelp, for da kan problema forverre seg. Dei fleste store sjukehus i Noreg har stomipoliklinikk. Der kan ein få råd og hjelp av stomi- og kontinenssjukepleiar.
Hensikt
Formålet med denne informasjonen er å vise korleis ein stomi utan komplikasjonar ser ut, og korleis det kan sjå ut ved ulike problem. Slik kan ein kjenne igjen det og søke hjelp i tide.
Alle foto: Anne Viola Fjelde
Normal (evertert) stomi
Ein «normal» stomi skal vere evertert, det vil seie at tarmen er vrengd tilbake på seg sjølv og sydd fast til huda.
Optimalt skal stomien vere 1–3 cm lang. Den skal ha rund eller oval fasong med opninga på midten.
Stomislimhinna (det ytre laga av stomien) skal vere heil og fuktig, og dessutan ha frisk raud farge.
Det skal vere tydeleg overgang mellom slimhinne og hud, og huda rundt stomien skal vere heil og sjå ut som huda elles på magen. Stomiinnhaldet må kunne tømme seg utan hindring.
Ved stomikomplikasjonar vil stomiens utsjåande avvike frå det «normale»
Stomikomplikasjonar blir delt inn i tidlege og seine. Tidlege oppstår i nær tilknyting til «operasjonen», mens dei sene kan oppstå frå månader til år etterpå.
Tidlege stomikomplikasjonar
stomien har losna frå festet til huda
stomien og huda har skilt lag
delvis eller total løysing
overflatisk eller djup separasjon
kan vere illeluktande puss ved abscessdanning (betennelse)
kan vere smertefullt
heilar ofte i løpet av cirka 3 veker
bør bli vurdert av stomi- og kontinenssjukepleiar/lege
Separasjon mellom slimhinne og hud
Stomien endrar farge, først mørk raud, så kvitleg og/eller svart.
ofte nedsett fukt
heile eller delar av stomien er ramma
kan vere overflatisk (oftast) eller djup
kan vere illeluktande
kan vere smertefullt
bør vurderast av stomi- og kontinenssjukepleiar/lege
stomi i eller under hudnivå
stomien kan ligge i ein hudfold («vollgrav stomi»)
problem med å få bandasjen til å slutte tette rundt stomien
fører til lekkasjeproblem og hudskadar
Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få tilpassa eigna stomiutstyr.
Innsokken/ tilbaketrektstomi (stomiretraksjon)
Seine stomikomplikasjonar
Hevelse ved rota til stomien. Blir større i sittande og ståande stilling.
tyngdesanseinntrykk
sjeldan smertar
problem med bandasjeval
lekkasjar på grunn av «speileggsstomi»
problem med å tømme tarmen kan førekomme
varierande effekt av irrigasjon
kosmetisk problem
problem med klede
Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering.
Tilpassing av brokkbind
Vurdere operasjon? Tilvise til kirurg.
stomien blir større og/eller lengre
inga smerte
kan kjenne drag i hudfesta
vanskeleg å bandasjere
estetisk sjenerande
skremmande
ikkje farleg så lenge tarmen har frisk, raud farge
Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering. Tilvis til kirurg ved behov for å vurdere operasjon.
liten stomi og/eller trong opning
høgt trykk på «output (tømmer seg som ei fontene)
forstopping/forstoppelsesdiaré
ubehag/smerte når avføringa skal ut
tarmslyngsymptom
ved urostomi vil det vere smerter i nyreregionen på grunn av hydronefrose (vassnyre)
Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering. Tilvis eventuelt til kirurg for vurdering av blokking/operasjon.
små «knottar/vorter» på stomislimhinna
fortjukk vev i overgangen hud/slimhinne
lettblødande
lekkasjeproblem
kan gi smerter, men sjeldan
Ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få råd og rettleiing om behandling og stomibandasjering, eventuelt tilvis til kirurg for å få fjerna polyppane kirurgisk.
Tiltak og behandling
Vi har valt ikkje å gi forslag til tiltak og behandling for dei omtalte stomikomplikasjonane. Det er fordi vi meiner det er best å ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar for å få sett i gang rett hjelp så fort som mogleg, for å unngå ytterlegare problem/komplikasjonar.