Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Hjartekateteriseringslaboratorium

Ved hjartekateteriseringslaboratoriet (kat.lab.) vert det utført undersøkingar og behandlingar i hjartet via ei blodåre i armen eller lysken.  Her utfører vi prosedyrar der ein går via blodårene for å undersøke og behandle ulike hjartelidingar. Vi bruker røntgengjennomlysing i alle prosedyrar. I dei fleste undersøkingane brukar ein i tillegg røntgenkontrast.

Pasienten ligg flatt på eit undersøkingsbord, med bevegeleg røntgenutstyr rundt seg, medan ein går inn via blodårer i handleddet eller lysken for å undersøke hjartet. Det vert lagt på ein steril duk som dekker pasienten frå halsen og ned. 


Det er stort sett ein lege og to sjukepleiarar med på kvar prosedyre. På grunn av røntgenstrålinga i rommet, beskyttar personalet seg med blyfrakkar medan prosedyren pågår. På kat.lab. vert det blant anna utført koronar angiografi, PCI, høgresidig hjartekateterisering, PFO/ASD-lukking, mm.

Kontakt

Telefon

Hjarteavdelinga:

55 97 22 20

Innleggingskontoret:

55 97 67 01

Tlftid: Mån-fre kl.

08.30-11.00

Pasientekspedisjonen i poliklinikken:

55 97 22 19

Kveldspoliklinikken:

55 97 21 94

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje i Sentralblokka. 
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen