-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Pasienterfaringsundersøking
Sjukehuset spør deg via SMS
Vi treng dine erfaringar som pasient ved Haukeland universitetssjukehus for å bli betre. Via SMS inviterer vi deg til å svare på nokre spørsmål. Det gir deg moglegheit til å peike på kva som er bra, og kva vi må bli betre på.
Når får du SMS?
Etter ein timeavtale eller eit opphald på sjukehuset vil dei fleste som er 18 år eller eldre, få ein SMS med ei lenke til denne pasienterfaringsundersøkinga. Meldinga har «Sjukehuset» som avsendar.
Du svarar anonymt
Dersom du er interessert i korleis vi tar vare på dine personvernrettigheiter i den tekniske løysinga, kan du gå inn på denne sida som forklarar korleis systemet for pasienterfaringsundersøkingar (WPCM) sikrar at personvernrettigheitene blir ivaretatt. Systemet sikrar at personopplysningane til dei som svarar ikkje hamnar på avvegar, og hindrar sammankopling mellom svara og personopplysningar.
Kvifor spør vi deg?
Du kan velje
Spørsmål?
Forsking og utviklingsavdelinga (FOU), Haukeland universitetssjukehus.