Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Pasientkurs

Nyresvikt

Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.

18.
čakčamánnu
2025
3 dagar
  1. 18. čakč 2025, 10:00 - 14:00
  2. 25. čakč 2025, 10:00 - 14:00
  3. 02. golg 2025, 10:00 - 14:00

Tid og stad

Når

  1. 18. čakč 2025, 10:00 - 14:00
  2. 25. čakč 2025, 10:00 - 14:00
  3. 02. golg 2025, 10:00 - 14:00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Medisinsk klinikk, Lærings- og meistringsenteret

Kvar

Vardesenteret
Ibsens gate 118
5052 Bergen

Påmelding 

Du må ha tilvising frå lege for å melde deg på.

Denne kan sendast elektronisk til Medisinsk klinikk, nefrologisk seksjon.

Meld frå om spesielle behov, og om pårørande deltek.

Merk tilvisingen med pasientopplæring.

Tilvisinga gjeld som påmelding. Du vil få stadfesting på tildelt plass.

Målgruppe

Nyreskulen er for personar med nyresvikt som skal starte med dialysebehandling, og deira pårørande.

Skulen er tverrfagleg og du møter lege, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, psykiatar, brukarmedverkar og representantar frå brukarorganisasjon.

Målsetting

  • Hjelpe pasientar og pårørande til å meistre kvardagen med nyresvikt.
  • Gi individuell rettleiing og undervisning som gjer det mogleg å delta aktivt i val av behandling.

Undervisningstilbodet består av tre delar:

  1. Ein individuell samtale saman med ein pårørande. Den varer i 1-2 timar. Der går vi gjennom informasjonsmateriale tilrettelagt for kvar enkelt pasient.
  2. Gruppeundervisning/kurs. Blir arrangert vår og haust. Kurset går over fire gangar à 2,5 timar. Undervisninga er eit samarbeid mellom blant anna lege, sjukepleiar, ernæringsfysiolog, sosionom, fysioterapeut, psykiater og brukarorganisasjon LNT.

    Emne som blir tatt opp:
    • Nyrene sin oppbygging og funksjon 
    • Sjukdommar og sjukdomsteikn 
    • Medisinar 
    • Ernæring 
    • Å leve med kronisk sjukdom 
    • Mosjon 
    • Trygderettar 
    • Behandlingsalternativ (bloddialyse/posedialyse) 
    • Transplantasjon
    • Kurset har ein viktig sosial komponent. Vi et saman og pasientane møter andre i same situasjon.
        
  3. Ein individuell telefonsamtale nokre månader etter kurset. Pasientane kan elles ta kontakt ved behov. 

 

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Parkering

Det er parkering mot betaling ved Haukeland Universitetssjukehus ved sentralblokka og ved pasienthotellet.

Kontakt

Andre datoar

  1. 13.
    njukčamánnu
    2025
    3 dagar
    Nyresvikt