Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Korleis er det å vere kursdeltakar på Lærings- og meistringssenteret

Målet for våre lærings- og meistringskurs er at du skal lære om sjukdommen din og korleis du kan meistre kvardagen. Nå du er på kurs hos oss skal du oppleve læring, meistring og tryggleik.

Vår pasientopplæring set fokus på deg som pasient. Du skal kunne medverke med dine erfaringar og forståing for din eigen situasjon. Du vil møte erfarne pasientar og deira pårørande som fortel korleis dei lever sine liv med helseutfordringar. På kursa får deltakarane undervisning og rettleiing, og får dele erfaringar med kvarandre.

Pasientopplæringa kan vere både individuell og gruppebasert, og den kan vere diagnosespesifikk eller ha eit generelt fokus på det å leve med ei helseutfordring og meistre kvardagslivet.

Vi tilbyr både digitale kurs og kurs med fysisk oppmøte. 

Tilvising til kurs

Dei fleste kurs for pasientar og pårørande krev tilvisning frå fastlege eller lege på sjukehuset. Denne kan sendast elektronisk til avdelingen som arrangerar kurset. Pårørande blir tilvist og registrert i pasienten sitt namn.

Ved behov for å senda pr post kan denne bli brukt: 

henvisning-til-larings--og-mestringskurs.pdf (helse-bergen.no)

 

Kursutgiftene tilsvarar eigendel etter gjeldande takstar for pasientar, og er dei same ved digitale kurs og kurs med fysisk oppmøte. Gratis ved frikort. Pårørande som er i følgje med pasient betaler ikkje eigendel. 

Avbestilling av kurs må skje seinast 24 timer før kursstart. Ved manglande oppmøte til avtalt kurs, både digitalt kurs og fysisk oppmøte, blir du belasta gebyr etter gjeldande satsar. Dette gjeld og om du har frikort.

LMS er forankra i verdiane om brukarmedverknad og sidestilling av brukarerfaring og fagkunnskap. Læringstilboda vert utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa på sjukehusa og brukarorganisasjonane.

Erfarne brukarar har viktig kunnskap om korleis det er å meistre kvardagen med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting. Erfarne brukarar kan óg vere familie og andre pårørande. 

Både den faglege kunnskapen til helsepersonell og brukarane sin erfaringskunnskap er nødvendig for å utvikle gode læringstilbod. Læringstilbodet ved LMS skal ha brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering.  

Brukarrepresentantanes arbeid honorerast gjennom gjeldande satsar ved Lærings- og meistringssenteret.  

Opplæring av pasientar og pårørande er ei av sjukehuset sine fire lovpålagte hovudoppgåver, på linje med diagnostisering og behandling, forsking og utdanning av helsepersonell. 

Pasientar og pårørande har ulike rettar knytt til deltaking i kurs og opplæring, mellom anna utgifter til reise og opphald, kostpengar og opplæringspengar ved opplæring i grupper. Pasientar har også rett til val av behandlingsstad.

Les meir om pasient- og pårøranderettar

Parkering mot betaling.

Det er eit fåtal parkeringsplassar i 1. etasje i Ulriksdal helsepark. Parkeringssystemet les bilskiltet ditt når du køyrer inn og ut. Betaling skjer via app eller på automat. Det er også parkeringsplassar i parkeringshusa til Ulriksdal, Haraldsplass diakonale sykehus og Haukeland universitetssjukehus.

Enkel lunsj blir servert på alle heildagskurs.

God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Som kursdeltakar kan du ha rett til dekking av reise, kost og overnatting. Dekking av utgifter til reise, kost og overnatting skal avtalast så snart som mogleg etter at du har fått innkalling til kurs. Ring Pasientreiser på telefonnummer 05515 - for meir informasjon sjå nettsida til pasientreiser

Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen held til etasje 0 (Foajeen) i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Ferdig utfylt reiserekningsskjema sender du til:
Helseforetakenes senter for pasientreiser ANS
Postboks 2533
3702 Skien

Brukarar med særlege behov for transport kan ha rett på rekvisisjon til pasientreise. NB: Drosje tur-retur må tingast seinast dagen før på telefon. Hugs å ta vare på alle kvitteringar.

Kurs i sjukehus

I spesialisthelsetenesta blir det arrangert kurs i samarbeid mellom Lærings- og meistringssenteret og dei ulike kliniske avdelingane på sjukehuset. Alle kursa er diagnosespesifikke og det trengs ei tilvising for å delta. Kursa er for pasientar og deira pårørande. 

Kurs og opplæring for pasientar og pårørande 

Kontaktinformasjon

Lærings- og meistringssenteret
Telefon:  55 97 47 80  
E-post: lms@helse-bergen.no

Kurs i kommunane

Kommunehelsetenesta arrangerer ulike diagnoseuavhengige kurs, samt kurs for dei vanlege livsstilssjukdommane.

Nokon kommunar har samla kursa i ein frisklivssentral/ eit frisklivs- og meistringssenter, medan hos andre blir kursa arrangert i dei ulike tenesteområda, som psykisk helse, ergo og fysioterapi, helsestasjon eller barne- og familietenesta.

Kursa i kommunen har som overordna mål å fremme helse og førebygge sjukdom. Til kurs i kommunen er det som regel ikkje nødvendig å bli tilvist av lege. Du kan ta direkte kontakt sjølv. Sjå nettsida til din kommune eller bruk kontaktinformasjonen på denne sida.

Det er variasjon i kva for kurs som arrangerast i dei ulike kommunane, og det vil vere tilbod innanfor områder som:

  • støtte til å endre levevanar og mestre helseutfordringar
  • hjelp til fysisk aktivitet, kosthald, snus og røykeslutt
  • kurs i mestring av depresjon og belastning

Ta kontakt med din kommune for å få vete meir om kva som finst der.

Bergen kommune

Frisklivssentralen
Telefon:  53 03 53 85
E-post: frisklivssentralen@bergen.kommune.no 

www.bergen.kommune.no 

https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/frisklivssentralen

Øygarden kommune

Friskliv og meistring
Telefon: 55 09 68 50 
E-post: frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no 

https://www.oygarden.kommune.no/

https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/helse-omsorg-og-velferd/friskliv-og-meistring/ 

Askøy kommune

Frisklivssentralen
Telefon:  40 91 46 60
E-post: friskliv@askoy.kommune.no 

www.askoy.kommune.no 

Bjørnafjorden kommune

Friskliv og meistring
Telefon:  97 04 00 52
E-post: kahn@bjornafjorden.kommune.no

Friskliv og meistring - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) 

Samnanger kommune

Samnanger Friskliv – og frivilligsentral
Bjørkheim 28, 5652 Årland
Telefon: 56 58 74 57  /  40 40 76 33
E-post: frivilligsentral@samnanger.kommune.no

Alver kommune

Friskliv og meistring
Telefon:  40 91 04 88
Epost: frisklivogmeistring@alver.kommune.no

www.alver.kommune.no

http://www.alver.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/helsehjelp/friskliv-og-meistring/ 

Voss lokalsjukehusområde
Voss herad
https://voss.herad.no/tenester/helse-sosial-og-omsorg/forebygging-og-rehabilitering/friskliv-og-meistring/

Eidfjord kommune
https://www.eidfjord.kommune.no/tenester/helse-sosial-og-omsorg/pleie-og-omsorg/helsefremjande-aktivitetar/frisklivssentral/ 

Lærings- og meistringssenteret i Bergen
Ulriksdal Helsepark, 4. etasje

Adresse: Ulriksdal 2, 5009 Bergen

Telefon:  55 97 47 80

E-post: lms@helse-bergen.no

Maŋemus ođastuvvon 2024-02-20