Søsken er velkomne til å besøke og eventuelt kunne ha kortere overnatting på avdelinga. Dette må vurderast individuelt. Avtal nærmare med sjukepleiar. Søsken må vere saman med foreldra eller andre som kan ta vare på dei. Det er ein føresetnad at dei er friske for å hindre smitte til dei nyfødde barna.
Om det er ønskeleg tilbyr vi søskensamtalar for å hjelpe dei til å forstå/bearbeide kva som skjer med den nyfødde. Vi deler ut søskenpakkar som inneheld små overraskingar til leik og aktivitet.
Leiketerapi
Friske søsken i alle aldre er velkomne på leiketerapien i følgje med ein vaksen.
Opningstidene er:
- Måndag – fredag 08.30 - 11.30 og 12.15 - 15.00
- Torsdagar opent til kl. 17.
I tillegg held leiketerapien ope med frivillige og Røde Kors følgjande tidspunkt:
- Måndag kl. 16.00 – 18.00
- Tysdag kl. 16.00 – 18.00
- Onsdag kl. 16.45 - 18.00
- Sundag kl. 12.00 - 15.00
Det er også moglegheiter for at søsken kan bruke leiketerapien utanom oppgitte opningstider.
Dette må vere i følgje med ein vaksen, og det er viktig at dei ryddar opp etter seg.
Må låsast inn og ut av A-vakt.