Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

PÅ Nyføddintensiv

Kven kan eg spørje om kva?

Det er mange spørsmål som kvernar i hovudet når barnet er sjukt og treng ekstra overvaking eller behandling.

“Eg har ikkje søkt om svangerskapspermisjon enda? Kor kan vi parkere? Kan bestemor kome på besøk? Storesøsken heime er forkjøla, kva gjer vi? Eg er så trist, men føler eg burde vore glad? Kva er eigentleg ein apnoe?” ..... 

 

Mange er usikre på kven dei kan spørje om kva.  

Kvar vakt vil det vere ein sjukepleiar som har ansvar for barnet ditt. Hovedregelen er at du kan spørje sjukepleiaren om alt, og sjukepleiaren kan hjelpe deg med å finne ut kven som kan gi det beste svaret.  
  • Barnelegen vil i utgangspunktet fortelle om barnets utgreiing, diagnosar og behandling.  
  • Sjukepleiaren vil også kunne gjenta og fortelle om barnets utgreiing, diagnosar, behandling, symptomer, tiltak, om korleis du kan bidra i omsorgen for barnet, om praktiske forhold i avdelinga og på sjukehuset. Gi råd om eigenomsorg for foreldre osv.  
  • Sosionomen kan hjelpe med søknadar om pleiepengar, permisjonssøknadar, tilvisningar og evt andre aktuelle hjelpetiltak. Det kan også vere ein støttesamtale med foreldra.  
  • Familieterapeut - Når eit nyfødd barn er sjukt og treng innlegging på sjukehus har dette innverknad på både familieliv og parforhold på mange ulike måtar. Då kan det vere godt å ha nokon å snakke med om smått og stort som kjennes utfordrande. Hos familieterapeuten er det rom for å snakke om ulike tankar, følelsar og erfaringar. Sjukepleiar eler lege på avdelinga kan formidle kontakt.  
  • Bioingeniørane er dei som kjem og tar blodprøvar av barnet ditt. Dei kan svare på kva prøvar dei tar, men det er lege eller sjukepleiar som vil gi deg svaret på prøvane dine.  
  • Radiografer er dei som evt tar røntgenbilde av barnet ditt. Dei sørger for at bilda har god kvalitet og viser det som er etterspurt av lege. Bilda beskrvast av ein røntgenlege og beskrivinga tolkes av barnelege. Det er barnelege som vil formidle svar på disse undersøkingane.  
  • Radiologer eller røntgenleger vil gjere ultralyd av enkelte barn. Dei gjer undersøkinga etter henvisning fra barnelegen. Det er barnelegens jobb og formidle resultater fra slike undersøkingar.  
 
May Britt er postsekretær på Nyføddintensiv. Ho kan også hjelpe deg med det meste. Berre spør, så veit ho kven ho kan vise dykk til. ​ 





Maŋemus ođastuvvon 2023-12-22