Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Musikkterapi ved Barne- og ungdomsklinikken

Her handlar det ofte om å fokusere på ressursane til kvart enkelt barn, trass i sjukehusopphaldet. Dette inneber at musikkterapitimane blir lagt til rette for kvar enkelt sin situasjon og behov, med tanke på både fokus, arbeidsformer og instrument.

musikkterapeut og gutt spiller på hver sin gitar
Musikkterapi er ei ressursorientert terapiform. På Haukeland ligg hovudfokuset på å bruke musikk som kommunikasjon, og som ein annan måte å vere saman på i ein kvardag prega av sjukdom og behandling.​

Fokus og problemstillingar for musikkterapitimane kan mellom anna vere deltaking, meistring, anerkjenning, glede, smertemeistring, bearbeiding, tilknyting, relasjon, grunnleggande kommunikasjon, konsentrasjon, identitet og kroppsbevisstheit.
musikkterapeut og jente spiller piano
 

Musikkterapitilbodet varierer frå individuelle timar på rom eller musikkrom, til planlagde eller improviserte grupper, og arbeidsformene for timane varierer då også ut frå dette. 

jente synger i mikrofon og musikkterapeut spiller gitar
 

Eksempel på arbeidsformer er improvisasjon, song, samspel av preferansebasert musikk, lytting til musikk, bandsamspel og songskriving.

andre tilbod

Maŋemus ođastuvvon 2023-03-20