Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Leiketerapi

Leiketerapien finn du i Glasblokkene 4, 3 etg. Her er det mogleg å leike, lese, spele, vere kreativ og skapande – eller berre slappe av i andre omgivnader.

to barn leker i leketerapien.foto.

Alle smittefrie barn- og ungdommar som er pasientar ved Barne- og ungdomsklinikken kan nytte seg av tilbodet, saman med foreldre eller annan vaksen. Leiketerapien skal vere ein fristad der det ikkje er noko medisinsk behandling eller undersøking.

Leiketerapien er del av Energistien. I denne filmen kan du sjå nokre av aktivitetane Leiketerapien tilbyr (trykk på bildet):

Skjermdump av film fra Leiketerapien

Opningstider

Måndag- fredag 8.30-15.00 

Frivilligkorpset har ope på Leiketerapien måndag og tysdag 16.00-18.00 sundag 12.00-15.00 Barnas Røde Kors har ope onsdag 16.45-18.00.

Telefonnummer: 48106214

tre ansatte ved leketerapien.foto

Vi som jobbar på leiketerapien er pedagogar som skal leggje til rette for aktivitetar som er tilpassa deg. Om det ikkje er mogleg for deg å kome ned på Leiketerapien, kan vi kome og besøke deg på rommet. Du er velkommen til oss om både om du berre er inne på eit dagbesøk eller om du er innlagt ved sjukehuset.

små barnehender som maler.foto




Maŋemus ođastuvvon 2024-08-16