Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Tilvising

Her finn du tilvisingsskjemaet som skal brukast ved tilvisingar til HABU.

​Tilvisingsskjema - HABU (pdf)

Tilvisingar til oss skal skrivast på skjemaet. Dette er viktig for å sikra at me får informasjon som er nødvendig for å vurdera tilvisingar.

Tilvising må gi ein klar omtale av kva for utgreiingar og tiltak som er gjort, og spesifisere kva for hjelp som er ønskjeleg. Tilvisingsgrunn må vere så tydeleg og spesifikk som muleg.

Tilvisingar som er samordna og godt dokumenterte gjer at vi kan yte eit best muleg tilbod. Tilvisingane må settast fram gjennom barnets lege, og skal skje i samråd med foreldre. Samtykke frå begge foreldre er påkravd.

Eit inntaksteam behandlar alle tilvisingar. I medhald av Lov om pasientrettigheiter § 2-2 vil tilvisinga bli vurdert innan fristen.

Dersom tilvisinga er man​gelfull vil inntaksteamet spørje om ytterlegare informasjon. 

Når tilvisinga er akseptert får saka prioritet etter gjeldande retningslinjer. Når ei tilvising blir avslått er det med eit grunngjeve avslag.

Inntaksteam gir den som tilviser skriftleg informasjon om inntak/ avslag, med kopi til foreldre/ føresette. 

Tilbake til HABUs forside.


Maŋemus ođastuvvon 2024-01-02