Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Starthjelp

Eit førebyggjande lærings- og meistringstilbod for nye foreldre av barn med nedsett funksjonsevne eller langvarig sjukdom

Foreldre som nyleg har fått vite at barna deira (0-6 år) har nedsett funksjonsevne eller langvarig sjukdom, og som vil ha behov for tett oppfølging frå helse- og omsorgstenesta framover.

Kurset går over fire heile dagar.

Det blir lagt opp til varierte kursdagar, med erfaringsinnlegg frå foreldre frå relevante brukarorganisasjonar (mellom anna NFU og CP-foreininga) og innlegg frå fagpersonar frå ulike delar av hjelpeapparat og samtale og utveksling av erfaringar i mindre grupper og i plenum.  

I tilbodet er det lagt til rette for formidling av informasjon og kunnskap om dei moglegheitene og rettar som familien har, om det å meistrar familielivet, foreldrerolla og kvardagen og for utveksling av erfaringar. Tilbodet representerer også ein møtestad mellom foreldre og fagpersonar frå ulike delar av tenesteapparatet og mellom foreldre som er i liknande situasjon.

Tema som blir teke opp i kurset:

  • «Systema rundt oss»: Informasjon om hjelpesystema, rettar og moglegheiter
  • «Familie og nettverk»: Familieliv, foreldrerolle, søsken som pårørande og støtte frå nettverk
  • «Samspel med barnet»: Barns utvikling, samspel og kvardagsliv med barnet
  • «Håp og meistring»: Vanlege reaksjonar, meistring og eigenomsorg for foreldre

Formålet med kurset er å bidra til at deltakarane kan oppleva håp og meistring i den nye livssituasjonen og slik førebyggja eller redusera psykiske helseproblem og belastningar hos alle i familien.

Kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga på HABU og er kostnadsfritt.

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

Neste planlagde kurs starter 3.april 2025.

 
Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Foreldrekurs (CFS/ME)
    Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU, og eit godt høve til å treffa andre foreldre i liknande situasjon
    Foreldrekurs (CFS/ME)
    22.
    januar
    2025
  • Seksuell helse og utviklingshemming (lett)
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming (lett)
    Seksuell helse og utviklingshemming (lett)
    3.
    februar
    2025
  • Seksuell helse og utviklingshemming (moderat-dyp)
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming (moderat-dyp)
    Seksuell helse og utviklingshemming (moderat-dyp)
    5.
    februar
    2025
  • Bleieslutt
    Ei innføring i ein intensiv metode for barn som skal slutta med bleie.
    Bleieslutt
    12.
    februar
    2025
  • Starthjelp
    Starthjelp er eit lærings- og meistringstilbud for foreldre til unge barn med funksjonsnedsettelse eller langvarig sykdom
    Starthjelp
    3.
    mars
    2025
    4 dagar
  • Alvorleg og djup utviklingshemming og åtferd som utfordrar
    Alvorleg og djup utviklingshemming og åtferd som utfordrar
    6.
    mars
    2025
    2 dagar
Maŋemus ođastuvvon 2024-08-07