Som forelder eller nær omsorgsperson er det mange ting du kan gjere for å ta vare på barna på ein god måte. Du vil også oppdage at du ikkje treng å gjere alt sjølv. Barna er ikkje tente med at dei vaksne slit seg ut. Familie og vener er viktige støttespelarar.
Helsepersonell som kan hjelpe
Barn under 18 år og deira nære familie, har rett på samtale med helsepersonell, dersom ein ynskjer det. Til dømes kan ein gi informasjon om sjukdom eller tilstand, og kva følgjer den kan ha på kort og lang sikt.
I spesialisthelsetenesta skal ein kartlegge søsken som pårørande, deira situasjon og behov, rettleia om ulike hjelpetilbod og støtte foreldra til at søsken får den informasjonen og oppfølging dei treng.
- Tilbod til søsken ved HABU:
- Søsken kan vere med i konsultasjonar ved HABU, for å sjå kva som skjer her
- Samtale med psykolog for søsken og foreldre, ved behov
- Opprette kontakt med helsestasjon-/skulehelsetenesta eller andre for hjelp/oppfølging lokalt
- Tilbod til foreldre ved HABU
- Råd og rettleiing, støttesamtale, for ivaretaking og informasjon til søsken til barnet som er pasient ved HABU
- Foreldresamling med tema «Søsken som pårørende»
Skule og barnehage
Skule og barnehage er sentrale i barns liv! Når dei tilsette i barnehagen og skulen veit om situasjonen i familien, kan dei ivareta og vere merksame på søsken og deira behov.
Helsetenester for barn og unge i kommunane
Alle kommunar har eigne helsetenester for barn og unge, til dømes helsesjukepleiar på helsestasjon eller skule. Nokre helsestasjonar har psykologar som har god kunnskap om barn og deira behov. Mange kommunar har lågterskel samtaletilbod for barn, ungdom og familiar. Fastlegen er også aktuell å ta kontakt med.
Familievernkontor
Familievernkontora tilbyr rådgiving, rettleiing, kurs og samtalegrupper. Tilbodet er gratis og treng ingen tilvising. HABU kan tilvise eller du kan ta kontakt sjølv.
Frivillige
Det finst fleire frivillige og ideelle organisasjonar som kan hjelpe når barn er pårørande.
Barneverntenesta
Barnevernet samarbeider gjerne tett med familien for å finne gode hjelpetiltak for dei som treng støtte.