Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Innlegging for vaksne i Augeavdelinga

Både dei som skal bu i sengeposten og på Haukeland Hotell under oppholdet møtar i hovudekspedisjonen i Augeavdelinga innleggingsdagen. Deretter går du til vår dagpost i 3. etasje der du blir tatt imot av sekretær og sjukepleiar, og du vil få informasjon om plan for dagen.

Interiør pasientrom på sengepost. To senger med skillegardin mellom, pasient ligger i en av sengene. Foto

​Innleggingsda​​gen 

​Etter registrering i hovudekspedisjonen, går du til vår dagpost i 3. etasje der sekretær og sjukepleiar tar imot deg.

Nokre pasientar blir innlagd operasjonsdagen, andre møter til innlegging dagen før operasjon. Dette finn du informasjon om i innkallingsbrevet ditt. Dersom du skal bu på pasienthotellet under opphaldet møter du ved Augeavdelinga først, før du seinare sjekkar inn på hotellet.

Innlegging på operasjonsdagen

Du møter i Augeavdelinga og blir tilvist til dagpost i 3. etasje. Her vil sjukepleiar førebu deg til operasjon og gjere ein kort innkomstsamtale. Legen vil også ha ein innkomstsamtale med deg enten før eller etter operasjonen. Etter operasjonen vil du få transport til sengepost eller pasienthotellet for innlegging.

Innlegging dagen før operasjon​

Du må rekne med ein del venting denne dagen, men vi har trivelege venteareal med te og kaffi.

Først har du ein innkomstsamtale med sjukepleiar, deretter blir du undersøkt av lege, og til sist har du eventuelt ein samtale med kirurg og/eller anestesipersonale.

Nokre pasientar skal og få utført ein EKG-måling, ulike augemålingar i poliklinikken, eller ta blodprøver innkomstdagen.

Du vil få transport til sengepost eller pasienthotell etter at alle samtalar og undersøkingar er ferdige. Dersom du skal opererast i narkose, møter du fastande til operasjon neste dag. Dei som skal opererast med lokal bedøving, skal ete frukost som vanleg før dei møter til operasjon. 

​Vi rår deg til å la verdisakene dine ligge igjen heime. Dersom du likevel har med deg kontantar og verdisaker, kan du be om at avdelinga oppbevarer desse i sjukehusets verdiposar. Les meir om oppbevaring av verdisaker. 

 Ta med deg

  • Medisinar du brukar fast
  • Klesskift, toalettsaker og innesko
Maŋemus ođastuvvon 2024-03-04