Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Fleirregional behandlingsteneste

Fleirregional behandlingsteneste for episkleral brachyterapi

Diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med kreft i auget er i Norge sentralisert i fleirregional behandlingsteneste ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus.

Tenesta omfattar diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med kreft i auget (intraokulære maligne svulstar). Episkleral brachyterapi er ei form for strålebehandling av auget. Metoden nyttast oftast for uveale maligne melanom, men og for melanom i conjunctiva, metastasar og andre augesvulstar.

Behandlinga krev spesialisert kompetanse og utstyr. Det er få nyhenviste pasientar årleg. For å sikre høg kvalitet og god tilgjengelegheit, er behandlinga i Norge sentralisert til ei fleirregional behandlingsteneste lokalisert ved to sjukehus; Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus.

ICD10-koder som inngår i det nasjonale oppdraget:

C69.0, C69.2, C69.3, C69.4, C69.9, C 79.8, D 31.2, D31.3, D 31.4, D 31.9, D 48.7

1. Pasientar med intraokulær tumor som kan være aktuell for episkleral brachyterapi (uvealt malignt melanom og i enkelte tilfelle også chorioidalt hemangiom, metastase eller anna uavklart tumor), skal henvises til den fleirregionale behandlingstenesta ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus i Bergen eller Oslo universitetssykehus, Ullevål.

2. Ved usikker diagnose er det vanligvis mest hensiktsmessig å henvise pasienten til poliklinisk undersøking. I tillegg til detaljerte opplysninger om anamnese og kliniske funn, skal ein legge ved resultat av nye og evt. tidlegare bildeundersøkinger (fundusfotografi, ultralyd B-scan med opplysningar tumorhøgde, fluorescein- og ICG-angiografi, etc.). Henvisninga må også innehalde oppdatert kontaktinformasjon med pasientens telefonnummer.

3. Ved klinisk mistanke om uvealt malignt melanom kan ein og ta direkte kontakt med ein av dei behandlingsansvarlege legane ved avdelinga, for å diskutere behovet for ytterlegare utgreiing og hastegrad for innlegging.

Hvis det er praktisk mulig bør pasienten først utgreiast på heimstaden med MR orbita/cerebrum, rtg. thorax/ ultralyd abdomen eller CT thorax/abdomen/bekken, samt vanleg blodstatus inkl. leverfunksjonsprøver. Ved tidligare kreftsjukdom eller høg risiko for kreftsjukdom i form av hereditet, kliniske symptom, etc., velges CT thorax/abdomen/bekken og supplerande blodprøver med tumormarkørane CAE, CA125, alfa-føtoprotein og PSA (hos menn).

Svara på alle desse undersøkingane skal pasienten ta med seg ved innlegginga eller dei må ettersendes snarast mogeleg. Det same gjeld evt. bildeundersøkingar av auget (fundusfotografi, ultralyd B-scan, fluorescein- og ICG-angiografi, etc.).

4. I særlege tilfelle kan pasienten innleggast som øyeblikkelig hjelp. Dette kan f.eks. gjelde i tilfeller der ein finn ein stor intraokulær tumor, eit klinisk sikkert uvealt malignt melanom eller dersom tumor har ført til trykkstiging og/eller smerter. 

Ein bør då avklara dette med ein av dei behandlingsansvarlege legane ved avdelinga og sørgje for at pasienten får med seg eit adekvat henvisningsskriv.

Overordna plan for kompetansedeling er å bidra til økt kunnskap om maligne svulstar i auget og episkleral brakyterapi både nasjonalt og internasjonalt.

Behandlingssentra har følgande plan for kompetansedeling:

  1. Tilby undervisning til ulike grupper helsepersonell og bidra i spesialist- og etterutdanning av augelegar. 
  2. Formidle informasjon om tenesten og rutiner for henvisning av pasientar i direkte kontakt med samarbeidande legar og augeavdelingar i alle helseregionar. 
  3. Informere pasientar og pårørande om sjukdomen, prognose og den praktiske gjennomføringa av behandlinga. 
  4. Oppretthalde elektroniske informasjonsskriv, både for pasientar og helsepersonell, på Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus sine nettsider. 
  5. Presentere eigne forskingsresultat på nasjonale og internasjonale konferansar.

 

  • Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av maligne melanomer. IS-2118, 2013, Nasjonal retningslinje.
  • Krohn J, Eide N, Tranheim R, Bærland T. Nasjonal kvalitetshåndbok for oftalmologi, Intraokulære svulster, s.118-123 (rev. 2015), 2010, Nasjonal retningslinje.
  • Krohn J, Eide N. Uvealt malignt melanom. Norsk Melanom Gruppe, Veileder, kapittel 16, s. 40-42, http://www.onkologiskforum.org, 2007, Nasjonal retningslinje.
  • Kvalitetsregistre ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus hvor kliniske opplysninger og behandlings- og resultatvariabler registreres.

 

Tenestens overordna resultatmål er å sikre eit kvalitativt godt behandlingstilbod til pasientar med intraokulære maligne svulstar.

Behandlingssentra har desse resultatmåla:

  1. Likeverdig tilgjengelegheit. 
  2. Høg kvalitet på behandlinga. 
  3. Opprettholde tilbod om individualisert behandling og ulike behandlingsmodalitetar.
  4. Kostnadseffektivitet. 
  5. Vurdere behov for utanlandsbehandling. 
  6. Kunnskapsformidling.

Overlege Jørgen G. Krohn 

Telefon til Augeavdelingas telefonsentral: 55974100

Telefonen er betjent vekedagar kl 08-1530

Maŋemus ođastuvvon 2024-01-19